Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Et rom med mange dataservere

Om Sjukehusapoteka Vest

Sjukehusapoteka Vest er det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet og føretaket inngår i Helse Vest RHF. Vi har ei årleg omsetning på omlag 1,5 milliard kroner, har sterkt aukande aktivitet og er i teknologisk front med elektroniske løysingar. 

Kontakt oss

Sjukehusapoteka Vest HF er som eit av fem sjølvstendige helseføretak del av spesialisthelsetenesta, og  eigd av Helse Vest RHF. Våre sjukehusapotek finn du på Haukeland universitetssjukehus i Bergen (120 tilsette) , Førde Sentralsjukehus (25 tilsette), Haugesund sjukehus (31 tilsette), Stavanger universitetssjukehus (71 tilsette) og på Haraldsplass Diakonale Sjukehus (7 tilsette). Føretaksadministrasjonen er lagt til Bergen. 

Sjukehusapoteka Vest skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.

Våre oppgåver

  • Vi leverer legemiddel til sjukehusa gjennom nasjonal avtale med grossist
  • Vi tilverkar spesialtilpassa legemiddel 
  • Vi leverer farmasifaglege tenester i klinikken. 

  • Vi har, i samarbeid med Helseforetaka ansvaret for organisering av legemiddelberedskap

  • Vi besørger produksjon av viktige legemiddel ved forsyningssvikt

  • Vi besørger leveranse av uregistrerte/sjeldne legemiddel og startar snart produksjon av salvar og kremer (NAF produksjon).

Våre forretningsområder:

Publikumsapotek
Produksjon
Sjukehusekspedisjon
Farmasøytiske tenester
 

Sjukehusapoteka Vest HF sin strategi er tett forankra i den overordna strategien til Helse Vest RHF.

Vår visjon
Å fremje helse, meistring og livskvalitet.

Verdiar
Respekt, tryggleik og kvalitet.

Føretaksidè
Meir enn eit vanleg apotek!

Mål frå Helse 2035

  • Trygge og nære helsetenester
  • God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet
  • Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling
  • Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon

Helse 2035

Strategi for Sjukehusapoteka Vest - 2023-27

Kommunikasjonsplattform

Føretaksleiinga i Sjukehusapoteka Vest HF har 9 medlemmer og har møte om lag 11 ganger i året.

Medlemmar i føretaksleiinga

Styret har det øverste ansvaret for drifta av føretaket. Styret i Sjukehusapoteka Vest består av representantar som er oppnemd av Helse Vest og representantar som er vald av dei tilsette. Alle representantane er likestilte i styret.

Styremedlemmar

Styredokument er tilgjengeleg i PDF-format. Eldre dokument blir oppbevarte hos Sjukehusapoteka Vest HF og​​​ blir utlevert på førespurnad til postmottak@sjukehusapoteka-vest.no​​

Styremøter og styredokumenter

Brukarutvalet skal ivareta pasientar og pårørande sine interesser, og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene i Sjukehusapoteka Vest.

Les meir om brukarutvalet her. 

Norges Farmaceutiske Forening

Hovudtillitsvald: Shalina Alom
E-post: Shalina.alom@sav.no

​Farmasiforbundet

Hovudtillisvald: Bertha Regine Lilleås 
E-post:    bertha.regine.lilleas@sav.no

Fagforbundet

Kontaktperson for Fagforbundet: Berit Widding​
E-post: berit.jorgensen.widding@sav.no

Vernetenesta skal ta i vare arbeidstakarane sine interesser i saker som gjeld arbeidsmiljøet. I samarbeid med medarbeidarar, tillitvalde og leiarar skal vernetenesta ved helseføretaket bidra til at helse, miljø og tryggleik skal vere ein naturleg del av arbeidsdagen.

Om vernetenesta i Helse Vest

Verneomboda i Sjukehusapoteka Vest


For leverandørar

Jobb og karriere

Sjukehusapoteka Vest HF har omlag 220 tilsette og er det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet. Målet vårt er å er å sikre god pasientryggleik gjennom sikker legemiddelforsyning og kvalifisert farmasøytisk tenester kor spesialisthelsetenesta er til stades. Vil du vere med og skape framtidas sjukehusapotek? Vestlandets størtste farmasifaglege miljø treng deg!
Meir om karrieremoglegheitene hos oss
En mann og en kvinne i hvite frakker som holder et stykke papir
Sist oppdatert 28.08.2024