Sjukehusapoteka Vest som arbeidsplass

Her finn du informasjon som kan vere nyttig for deg som tilsett.

Tilbod om trening

Som medarbeidar i Sjukehusapoteka Vest kan du melde deg inn i bedriftsidrettslaga til sjukehusa.

Helse Bergen

HSI har om lag 1600 medlemmer fordelte på 20 grupper. Lagaktivitetar trenar i eigen idrettshall på Haukeland Sjukehus.

Meir informasjon om HSI

Helse Fonna 

Helse Fonna har tilbud i Haugesund, på Stord og i Odda.
Send mail for meir informasjon


Helse Førde

Helse Førde har tilbud på Slåtten skule, på Sunde Skule og i Førdehallen.

Gå til nettsida til Helse Førde. 

Helse Stavanger

Bedriftsidrettslaget ved SUS har mellom anna handball, fotball, volleyball, golf, bowling, friidrett og mykje meir. Som medlem får du symje gratis i alle svømmehallane i fleire kommunar, og rabattar på fleire sportsbutikkar.

Gå til bedriftsidrettslaget ved SUS

Pensjon

Sjukehusapoteka Vest (SAV ) har gode pensjonsordningar for sine tilsette ved lovfesta Pensjon i Statens Pensjonskasse, med følgende ordningar:

  • Alderspensjon (frå 67 år) og Avtale Festa Pensjon (AFP) (frå 62 år)
  • Uførepensjon, som du kan søkje om etter at retten til sjukepengar er brukt opp
  • Etterlattepensjon - attlevande ektefelle og barn under 20 år.
  • Bustadlån

Forsikring

Som tilsett har du rettigheter gjennom folketrygda. SAV har og forsikringer gjennom Helse Vest:

  • Gruppeliv
  • Tenestereise
  • Yrkesskade

Lønn og arbeidsplan

Lønnspolitikk i Sjukehusapoteka Vest er heimla i HR-policy og i tariffavtalar. SAV bruker lønn aktivt som verkemiddel for å skapa resultat og oppnå viktige og prioriterte mål.

  • Lønn betalast i høve til tariffavtalane SAV har med Norges Farmaceutiske Forening (NFF), Farmasiforbundet (FF) og Fagforbundet
  • Lønn utbetalast den 12. kvar månad
  • Variabel lønn (overtid og meirtid) skal betalast ut månaden etter det er jobba
  • Det vil gå fram av arbeidsplan når du skal jobba
  • Vaktplan for beredskapsvakt vert satt opp og drøfta med dei tillitsvalde som regel for eit halvt år om gongen

I høve til dei sosiale bestemmelsane:

  • Heile lønna di når du er sjuk
  • Heile lønna di og full feriepengeopptening når du er sjuk eller i foreldrepermisjon

IKT-tryggleik

Helselovgivinga saman med personopplysningslova stiller strenge krav til behandling av helse- og personopplysningar. Alle tilsette er ansvarleg for å gjere seg kjend med instruks for informasjonssikkerheit, og vi har eit e-læringsskurs som er obligatorisk for alle tilsette. 

Norm for informasjonssikkerhet helse- og omsorgstjenesten (Normen) frå Helsedirektoratet.

Etiske retningslinjar

Alle føretaka Helse Vest er avhengig av tillit og eit positivt omdømme for å kunne yte den gode helsetenesta vi ønskjer å tilby.

SJå våre etiske retningslinjar

Tillitsvalde

På sida Om oss finn du informasjon om tillitsvalde i føretaket.

Sjå tillitsvalde i føretaket

Verneteneste

Vernetenesta skal ta i vare arbeidstakarane sine interesser i saker som gjeld arbeidsmiljøet. I samarbeid med medarbeidarar, tillitvalde og leiarar skal vernetenesta ved helseføretaket bidra til at helse, miljø og tryggleik skal vere ein naturleg del av arbeidsdagen.

Vernetenesta i Sjukehusapoteka Vest

Helse, miljø og tryggleik (HMT)

SAV ønskjer eit godt arbeidsmiljø, der du som motivert tilsett kan bruke ressursane dine fullt ut.

Les meir om HMT


Sjukdom og anna fråvere

Generelt om fråvere

Planlagd fråvere skal alltid godkjennast av leiaren din i forkant. Ved sjukdom må du ringje leiaren din før kl. 09.00 same dag.

Sjukdom

Sjukefråvere er ei driftsutfordring og Helse Vest har mål om at dette ikkje skal vere høgare enn 5,5 %. SAV er ei IA-verksemd.

Eigen sjukdom

Du må ringje leiaren din før kl. 09.00 viss du er sjuk og vekke frå jobb. Leiar registrerer fråværet i GAT, noko du ser i MinGAT

Når du har vore tilsett i meir enn 2 månadar kan du nytte eigenmelding:

  • Inntil 24 dagar per 12 månader
  • Du kan vere heime sjuk i inntil 8 dagar før du treng sjukemelding

Barn eller barnepassar sin sjukdom

Du må ringje leiaren din før kl. 09.00 viss du er vekke frå jobb pga. sjukt barn eller sjuk barnepassar.

  • Leiar registrerar fråvere i GAT, noko du ser i MinGAT
  • Eigenmelding kan nyttast for sjuke barn/sjuk barnepassar når du har vore tilsett i 4 veker
  • Du får permisjon med løn i inntil 10 arbeidsdagar per kalenderår, avgrensa til 3 samanhengande dagar kvar gong

Ferie

Vi har 25 dagar (5 veker) ferie i SAV, og du tjener opp rett til feriepengar året før ferien tas. På apoteka tas ferien ut i puljer, dette planleggjast på kvart apotek i god tid før ferien.

  • Ferie skal avklarast med leiar i forkant
  • Arbeidsgjevar fastset endeleg tidspunkt
  • Ferieliste vil vere klar i god tid før ferien skal avviklast, minimum to månader

Reiser

Reiser avklarast med leiar i forkant. Vi reiser som hovedregel på billigaste måte og følgjer som hovudregel Statens reiseregulativ. Helse Vest har avtale med GTravel om leveranse av flyreiser og hotellovernattingar, og med Eurocard om kredittkort som gjev reiseforsikring. Reiserekning er elektronisk og følgjer i stor grad Statens satsar.

Permisjon

Permisjonar i SAV regulerast av gjeldande lov- og avtaleverk.

Nokre persmisjonar er rettigheitsbaserte, til dømes foreldrepermisjon.
Sjølv om du tener meir enn 6x Grunnbeløpet i Folketrygda får du heile løna di og full feriepengeopptening når du er i foreldrepermisjon.

Det er mogleg å få andre permisjonar og dette vurderast av leiar basert på drifta, til dømes velferdspermisjonar, fri til eksamen og førebuing til eksamen.