Helse , miljø og tryggleik (HMT)

SAV ønskjer eit godt arbeidsmiljø, der du som motivert tilsett kan bruke ressursane dine fullt ut.

​Hovudoppgåve er å bidra til at SAV oppnår gode, og stadig betre, resultat. Du som tilsett er viktig for arbeidsmiljøet.

Vi arbeidar systematisk for å nå våre HMT-mål

Vi skal sikre forsvarleg sjukehusapotekdrift som vernar om mennesker, miljø, samfunn og eigedelar.

  • SAV jobbar aktivt med medarbeidarskap og leiing
  • SAV har årleg felles fysisk aktivitet
  • SAV har Arbeidsmiljøutval på kvart sjukehusapotek og sentralt
  • SAV har eiga verneteneste som òg jobbar for å ha eit forsvarleg arbeidsmiljø
  • SAV har Bedriftshelseteneste (BHT) som gjev støtte i førebuande og systematisk HMT-arbeid
  • Verneombod og medlem i AMU får opplæring i arbeidstida frå BHT
  • SAV kartlegg status på HMT- og Ytre miljø-området årleg


Tiltak på HMT-området er del av SAVs Handlingsplan og vi rapporterer årleg på status.

Ytre miljø og Grønt sjukehus

​Sjukehusapoteka Vest er del av Grønt sjukehus og ble miljøsertifisert i 2014. Du kan lese meir om Grønt sjukehus på nettsida til Helse Vest. 

Grønt sjukehus

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.