Derfor er det nedfelt generelle retningslinjer innanfor dei ulike fagområda for at alle medarbeidarar skal vere medvitne dette. Retningslinjene er i hovudsak generelle, ikkje detaljerte reglar, noko som utfordrar kvar medarbeidar til sjølv å reflektere over etiske spørsmål.
Retningslinjer, regelverk og samarbeidsavtalar har sitt utspring i allmenne etiske verdiar og normer som for eksempel rettferd, lojalitet, ærlegdom og at ein alltid skal behandle andre slik ein ønskjer å bli behandla sjølv.
Helsetenesta har ansvar for å vareta grunnleggjande etikk og moral i velferdsstaten, i tillegg til å forvalte fellesskapets ressursar.
Alle medarbeidarar skal følgje gjeldande lovar, reglar og retningslinjer. Alle har plikt til å gjere seg kjende med og å følgje lovar, reglar og retningslinjer som regulerer arbeidskvardagen.
Lovar, instruksar og reglar kan ikkje åleine sikre høg etisk standard. Medarbeidarane må sjølve setje standarden ved å reflektere over eigne val og handlingar. Dette betyr at kvar enkelt medarbeidar kritisk må vurdere eigne interesser i møte med etiske konfliktsituasjonar.
Om etiske retningslinjar
Kvar og ein av oss har ansvar for at Sjukehusapoteket lever opp til sitt verdigrunnlag.
- Våre etiske retningslinjer omhandlar:Habilitet
- Lojalitet
- Teieplikt
- Bierverv
- Gåver/sponsing
- Førehald til leverandørar
Etiske retningslinjar for føretaksgruppa Helse Vest
Føretaksgruppa Helse Vest har ansvar for å yte spesialisthelsetenester til befokninga på Vestlandet.
Etiske retningslinjar i Helse Vest Retningslinjer og vedlegg