Sjukehusekspedisjon

Sjukehusekspedisjonen sørgjer for all levering av legemiddel til sjukehusa.

 

Sjukehusekspedisjonen syter for at legemiddel som trengs i behandlinga til ei kvar tid er tilgjengeleg for sjukehusa.

Avdelinga samarbeider tett med dei ulike avdelingane på sjukehusa, både i høve til val av legemiddel, og i høve til bestilling og lagerføring av desse. Ei viktig oppgåve er overvaking av leveringssituasjonen, og anbefaling av alternative legemiddel om det er leveringsvanskar i den norske marknaden.