Apotekar
Dagleg leiar i apoteket. Apotekaren må ha mastegrad i farmasi, ei femårig universitetsutdanning, og 2. års praksis frå apotek.
Autorisert helsepersonell.
Provisorfarmasøyt
Har mastergrad i farmasi. Provisorfarmasøyten har ekspedisjonsrett, dvs. har sjølvstendig rett til å ekspedere legemiddel etter resept og rekvisisjon.
Autorisert helsepersonell.
Reseptarfarmasøyt
Har bachelorgrad i farmasi, dvs. treårig høgskoleutdanning. Også reseptarfarmasøyten har ekspedisjonsrett.
Autorisert helsepersonell.
Apotekteknikar
Har ikkje ekspedisjonsrett, men har likevel viktige oppgåver i samanheng med service- og kundekontakt, informasjon til publikum, varebehandling og kontorarbeid. Apotekteknikarutdanninga er ei utdanning i vidaregåande skole innanfor studieretning for helse- og sosialfag.
Autorisert helsepersonell.
Klinisk farmasøyt
Det er krav til erfaring frå sjukehusfarmasi før ein begynner opplæring i metode og det er opplæringsprogram i metodikk for dei ulike oppgåvene innan tenesteleveransen klinisk farmasi. Nokre kliniske farmasøytar har formell etterutdanning, for eksempel erfaringsbasert Master i klinisk farmasi.
Autorisert helsepersonell.
Farmasøyt i produksjon
Erfaring frå lækjemiddelproduksjon. Autorisert helsepersonell.
Vurderer du ein karriere innanfor farmasi?