Farmasøytiske tenester

Våre farmasøytar samarbeider tverrfagleg med legar og sjukepleiarar for å gje pasientar ved sjukehusa best mogleg behandling.

 

​Farmasøytar kan mellom anna utføre legemiddelsamstemming for å sikre at sjukehuset har korrekt og fullstendig oversikt over alle legemidla som pasienten brukar ved innlegging.

Helsestyresmaktene har stadig auka fokus på å ta i bruk tverrfagleg samarbeid for å betre den medisinske behandlinga pasientane får, og farmasøyten kan her vere ein viktig bidragsytar ved til dømes legemiddelgjennomgangar.

Farmasøytar kan òg gjennomføre utskrivingssamtalar for å sikre at pasientane har tilstrekkelig informasjon og opplæring til å kunne bruke legemidla riktig. Farmasøytane hjelp elles sjukehuset med opplæring, internrevisjon, rådgjeving, prosjektdeltaking og kvalitetssikring av rutinar for bruk og oppbevaring av legemiddel.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.