Tenester

Sjukehusapoteka Vest leverer legemiddel til sjukehusa i Helse Vest. Farmasøytiske tenester frå oss skal bidra til at pasientane får best mogleg nytte av legemiddelbehandlinga og at forsyning av legemiddel i sjukehusa er trygg og effektiv.

  

Før opphald i sjukehus


Ved innlegging i sjukehus er det viktig at sjukehuset får best mogleg oversikt kva legemiddel du bruker. Kontakt gjerne fastlegen på førehand og be om ei oversikt over legemidla som du brukar. Hugs òg å skrive ned andre legemiddel som er kjøpt utan resept.  

Meir informasjon finn du på pasientsikkerhetsprogrammet.

Legemiddelliste

Ei legemiddeliste sikrar at du får legemidla du treng mens du er på sjukehuset, og at ein ut frå denne eventuelt kan kan justere dosering og legemiddel for å sikre ei god legemiddelbehandling.
Du kan lese meir om dette her på pasientsikkerhetsprogrammet.

​En medisinliste er viktig for deg som bruker mange medisiner og er i kontakt med flere leger. Listen er spesielt viktig hvis du skal behandles på sykehus. Medisinlisten er også lur å ha med på reise i tilfelle du trenger nye medisiner eller må oppsøke lege.

Samtale ved innlegging

Det er viktig at du opplyser om korleis du bruker legemidla, og særleg om du brukar dei annleis enn det som står i lista frå fastlegen. Det er òg viktig at du opplyser om alle legemiddel som du bruker som kan kjøpast utan resept, naturlegemiddel og tilskot av vitamin og mineralar.

Om du brukar kommunale helsetenester (til dømes heimesjukepleie) eller ferdig doserte legemiddel i poser eller i er det viktig å opplyse om dette ved innlegging.

Kartlegging av legemiddelbruk (klinisk farmasi)

Ved nokre avdelingar i sjukehuset arbeider kliniske farmasøytar med kartlegging av legemiddelbruk (legemiddelanamnese) og samstemming av legemiddellister. Dette blir mellom anna gjort ved eit såkalla legemiddelintervju, der du får spørsmål om din oppleving av legemiddelbruk, til dømes om du har merka biverknadar eller har problem med å svelgje tablettar.

Ved opphald i sjukehus

Sjukehuset dekker all legemiddelbehandling ved innlegging. Det er såleis i dei fleste tilfelle ikkje naudsynt å ta med private legemiddel.

Sjukehuset har ansvar for at du får legemidla du skal ha til rett tid, med rett dose og på rett måte. Spør om du er usikker på kva legemiddel du får, eller om du får eit legemiddel du ikkje kjenner til frå før.

Legemidla som du får på sjukehuset kan sjå annleis ut enn dei du elles brukar. Dette kan skuldast at tilsvarande (generisk) legemiddel er kjøpt inn frå ei anna produsent. Generiske legemiddel inneheld det same aktive legemiddelet. Alle sjukehus i Noreg kjøper inn legemiddel gjennom anbod der produsentane konkurrerer om å gje beste pristilbod.

Legemiddelgjennomgang (Klinisk farmasi)

Ved nokre avdelingar i sjukehuset støttar kliniske farmasøytar sjukehuset med å kvalitetssikre legemiddelbehandlinga for enkeltpasientar. Ei slik systematisk undersøking blir kalla legemiddelgjennomgang, og skal sikre god legemiddelbehandling og førebyggje skader. Legemiddelrelaterte problem som blir avdekka blir tatt opp med lege. Farmasøyten gir råd om legemiddelbehandlinga, men det er alltid legen som har ansvar for og tar avgjerdsler om endring av behandlinga.

Etter opphald i sjukehus

Etter utskriving frå sjukehus er det viktig å førebu eventuell vidare behandling med legemiddel. Sjukehusapoteka har eit nettbasert tilbod for bestilling og klargjering av legemiddel før heimreise. Ved henting på apoteket kan apotekpersonalet rettleie i bruk av legemiddel og svare på spørsmål.

Når du skal heim

Ved utskriving frå sjukehus er det viktig at med god informasjon om rett legemiddelbruk. Legen skriv ut elektroniske reseptar på legemiddel som du skal halde fram med å bruke.

For å hindre avbrot i legemiddelbehandlinga ved utskriving, er det viktig at du får med deg alt du treng av legemiddel og utstyr før heimreise.

Sjukehusapoteka har eit vareutval som er tilpassa behov for utskrivne pasientar i dei ulike sjukehusa i regionen. Klargjerning av reseptmedisinen kan bestillast på våre nettsider: www.sav.no. Ved å nytte denne tenesta slipp du ventetid på apoteket.


Om du får kommunale helsetenester (til dømes heimesjukepleie) eller ferdig doserte legemiddel i poser med ditt namn og legemiddelet (multidosebrukar), må dei som skal hjelpe deg med den vidare legemiddelbehandlinga få naudsynt informasjon. Har du fått med ei liste frå sjukehuset over kva legemiddel du skal bruke, anbefaler vi at du viser den til heimesjukepleia. Fastlegen din får tilsendt eiga oversikt frå sjukehuset.

Legemiddelsamtale

Sjukehusapoteka Vest har tilbod om legemiddelsamtalar i publikumsapoteka og det er mogleg å be om samtale før heimreise.

Ein legemiddelsamtale er en samtale mellom deg og ein farmasøyt. Samtalen tek utgangspunkt i dine behov, og bruker reseptar og utskrivingsinformasjon frå sjukehuset som grunnlag. Målet er at du skal få kunnskap, bli trygg på og få betre forståing for bruk av dine legemiddel. Du får informasjon om legemidla sine bruksområde, effekt, kva som er rett bruk og praktiske råd. Gjennomgangen kan eventuelt identifisere problem med gjennomføring av behandlinga, om det er legemiddel som kan verke inn på kvarandre eller til dømes bruk av like legemiddel (synonympreparat/generiske legemiddel).

Legemiddel på resept

Sjukehusapoteka Vest har publikumsavdelingar som ligg sentralt plassert i foajeen på sjukehusa i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Sjukehusapoteka har eit vareutval som er tilpassa behov for utskrivne pasientar i dei ulike sjukehusa i regionen og har tilbod om reseptklargjering. Ved å nytte deg av denne tenesta slipp du ventetid på apoteket ved heimreise.

Bestill klargjering av medisin


Hos oss kan du få råd og rettleiing for å sikre at du får best mogleg utbytte av behandlinga. Vi har òg egne rom for personleg rettleiing der du kan få opplæring i bruk av dine legemiddel og andre produkt.
Vi har eit godt utval av reseptfrie legemiddel, andre apotekvarer og hygieneartikler, ved sidan av artiklar til bruk ved stomi og inkontinens samt kateter. Meir om dette finn du under Råd og rettleiing.

 

  • Produksjon

    I produksjonsavdelingane tilverkast legemiddel som ikkje er tilgjengeleg på marknaden, eller som har kort haldbarheit og såleis må tilverkast kort tid før bruk.

  • Publikumsapotek

    Publikumsapoteket er eit apotekutsal som er ope for alle.

  • Sjukehusekspedisjon

    Sjukehusekspedisjonen står for all legemiddellevering til sjukehusa.

  • Farmasøytiske tenester

    Samarbeider med legar og sjukepleiarar i tverrfaglege lag for å gje pasientar ved sjukehusa best mogleg behandling.


Produksjon av legemiddel

Våre tilsette er spesialistar på legemiddel og gjer i stand legemiddel til enkeltpasientar etter bestilling frå sjukehusa. Apoteket sin fagkunnskap sikrar at legemidla er kvalitetssikra og produsert etter gjeldande regelverk og standarder.

Legemiddel som må produserast eller klargjerast før bruk, kan ikkje alltid bli levert på kort varsel. Døme på dette er:

  • intravenøs ernæring
  • intravenøs antibiotikabehandling
  • smerteblandingar    
  • miksturar til barn


På grunn av at ei viss leveringstid må påreknast for nokre av produkta er det viktig at avdelinga der du er lagt inn tek kontakt med oss før utskriving om du treng slike legemiddel, slik at du kan få med deg det du treng når du skal reise heim.

Systemretta farmasifaglege tenester


Farmasøytar i Sjukehusapoteka Vest leverer òg tenester for å trygge og effektivisere logistikk og handsaming av legemiddel i sjukehusavdelingane. Tenestene våre er delt inn i:

  • Tenester som følgjer levering av varer
  • Logistikkretta tenester
  • Pasientretta tenester
  • Andre tenester


Desse tenestene utgjør samla sett eit viktig bidrag til pasienttryggleik og legemiddellogistikk og -økonomi. Døme på aktuelle systemretta faglege tenester frå Sjukehusapoteka Vest er:

  • Rådgiving av leger og sjukepleiarar, til dømes om val av preparat eller legemiddelform, om legemiddel kan blandast osb.
  • Kontroll av sjukehusavdelingane sitt legemiddellager; at avdelingane har rette legemiddel i rett mengde
  • Undervisning av tilsette i sjukehuset
  • Bidra til utarbeiding av kunnskapsbaserte retningsliner for behandling i samarbeid med tilsette i sjukehusavdelingane
  • Forbruksstatistikk
  • Gjennomføring av legemiddelrevisjonar
  • Legemiddelberedskap
  • Arbeid i legemiddelkomite (sjukehuset sitt rådgjevande organ i legemiddelsaker)

Farmasøytisk beredskap

I samarbeid med Helseføretaka har sjukehusapoteka ansvaret for:

  • Organisering av legemiddelberedskap i spesialisthelsetenesta
  • Lagerhald av livsviktige legemiddel
  • Setja i verk produksjon av viktige legemiddel ved forsyningssvikt