Bestill klargjering av medisinar

Her kan du bestille klargjering av medisinane dine så slepp  du å vente når du skal på apoteket. Ved å bestille klargjering slepp du å trekkje kølapp og får du enkelt med deg dei medisinane du treng for vidare behandling.

Om utfylling av skjemaet

Legg du inn ditt mobiltelefonnummer kan apotekpersonalet kontakte deg ved eventuelle avklaringar og du vil få ein SMS når medisinane dine er klare.

 


Bytte av medisin

Dersom du ikkje husker namna eller ikkje har ei liste over dei medisinane du bruker, kan du spørje om hjelp frå lege, sjukepleiar eller farmasøyt.

Meir om bytte av medisin kan du lese her

Henting av medisinane

På apoteket må du ha med legitimasjon og personnummer for å hente ut medisinane. Blir medisinane henta av pårørande må dei i tillegg ha med ei fullmakt frå deg. På apoteket kan du og få råd om medisinbruk og andre apotekvarer som du kan bruke for å støtte opp under behandlinga.