Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et par kvinner holder papirer

Strategi 2023-2027

Føremålet med strategien er å legge eit godt grunnlag for å løyse oppdraget vårt med levere legemiddel ogkompetansetenester til spesialisthelsetenesta og kommunar på best mogeleg vis.

​I strategien er det definert fire overordna strategiske mål. Dei er utleia frå Helse 2035, Sjukehusapoteka Vest (SAV) sitt oppdrag og analyse av utfordringsbilete. Måla gir saman med underliggande delmål ei hovudretning på viktige satsingsområde for å realisere samfunnsoppdraget.  

Strategien byggjer både på analysar av omgjevnader som SAV er del av, og SAV si utvikling som organisasjon på sentrale område. Til grunn ligg også ei grundig forankring og samspel internt, ei evaluering av førre strategi og nokre føringar for priortering.

Overordna er det nokre viktige område for prioritering i strategiperioden som følgjer av no-situasjon i 2023, både for SAV og for spesialisthelsetenesta. Vi legg til grunn at tiltak skal bidra til betra kvalitet, effektivitet og økonomi for SAV (og helsetenesta). ​

  • Utvikle og tilpasse avareleveranse og tenester for å fylle sjukehusa sine behov på alle verksemdsområda.
  • Ferdigstille og ta i bruke av IKT-prosjekt
  • Utvikling av apotekareal 
  • Arbeid for godt arbeidsmiljø og trivsel 
  • Legge til rette for forsking, innovasjon og utvikling​
Sist oppdatert 23.04.2024