Helse 2035
Helse Vest RHF vedtok i 2017 strategien Helse2035 med tilhøyrande tiltaksplan. Denne er også lagt til grunn i arbeidet med utviklingsplanen.
I Helse2035 er det fire område som føretaka i Helse Vest skal vidareutvikle:
Pasienten si helseteneste: Kvalitet og pasientryggleik, kommunikasjon og prioritering, samansette lidingar og standardiserte pasientforløp
Eitt helsevesen: Eit heilskapleg helsevesen, sjukehus i team og strategisk samspel med dei private
Utvikling av helsetenestene: Auka verdiskaping, spesialisthelsetenester utanfor sjukehus, forsking, innovasjon og teknologi
Medarbeidaren, leiing og organisasjon: Forbetringskompetanse
Det årlege oppdragsdokumentet frå Helse Vest inngår i planhierarkiet og detaljerer oppgåvene til sjukehuset komande år.
Nasjonal helse- og sjukehusplan
Gjeldande Nasjonal helse- og sjukehusplan har følgjande mål:
Pasientane er aktive deltakarar
Heilskaplege og samanhengande tenester
Sårbare pasientar blir møtt med team
Ein samanhengande akuttmedisinsk kjede
Spesialisthelsetenester i heimen
Bruk av helsedata til det beste for fellesskapet
Livslang læring
Leiing bidrar til endring
Vi lærer av kvarandre