Koronaviruset - Nyttig informasjon for tilsette

Adgangskontroll på sjukehuset - vis ID-kort

I tråd med nasjonale krav er det innført adgangskontroll i helseinstitusjonar. Tilsette i SAV følgjer lokale retningslinjer om adgangskontroll. Det gjeld og eventuelle krav om å vise ID kort med bilde når du oppheld deg på sjukehusområdet. Ta kontakt med leiaren din om du er i tvil.

Barn under 12 år på skole eller barnehage

Barnehagar og skuler er stengt grunna koronavirus-epidemien, men skal likevel ha tilbod til barn av foreldre som mellom anna jobbar i helse- og omsorgstenesta.

Barnet må vere under 12 år og begge foreldra må jobbve i samfunnskritisk funksnon. Tilsette i SAV HF er omfatta av dette.

Alle våre tilsette viktige for å oppretthalde sjukehuset si samfunnskritiske funksjon. Vi vil samstundes understreke at stenging av barnehagar og skuler er hjemla i lov om smittevern. Vi oppmodar difor våre tilsette til å prøve å finne alternative løysingar så langt det er mogeleg,

Vi gir ikkje omsorgspermisjon som følge av at skule eller barnehage er stengd grunna Korona.

Bierverv

Utgangspunktet er at tilsette har rett til å ha bierverv i fritida. Denne retten er likevel avgrensa i lov, forskrifter samt arbeidsavtale og retningslinjer.

SAV vil vurdere tilbaketrekking av godkjente bierverv ut frå følgande vurdering:
Bierverv der du er spesielt utsatt for smitte.

  • Behov for helsepersonell. SAV har som hovudarbeidsgivar behov for at helsepersonell med bierverv bruker sin kapasitet til å avhjelpe situasjonen i føretaket.
  • Forplikting hos biarbeidsgjevar kan til dømes bety at vi får utfordringar med å flytta på personell eller endre av arbeidsplanar.

Gravide tilsette og korona

Les meir på Folkehelseinstituttet sine sider: Råd og informasjon for gravide

Heimekontor og Skypemøte

Tilsette som kan jobbe frå heimekontor, bør ta heimekontor nå under Korona-situasjonen. Heimekontor er et veldig godt smittereduserande tiltak. Heimekontor og bestilling av utstyr og smartkort for fjernaksess gjerest av næraste leiar.

Heimekontor - første gangs bruk
Før du kan ta i bruk fjernaksess, må du logge inn på PCen frå jobben med smartkort og pin-kode. Dette er fordi PCen skal kjenne igjen smartkortet ditt når du er utanfor Helse Vest sitt nettverk.
Dette gjeld også om du får reinstallert /ny pc.

Guide til elektronisk møte i Skype

Vi gjer oppmerksam på at det er mogleg å laste ned appen Skype for business på mobiltelefonen slik at du kan gjennomføre møter via mobil. App lastes ned her.

  • Bruker: xxxx@ihelse.net
  • Passord: din kode som du bruker til å logge på jobb-pc.

Har du tekniske problem, ta kontakt med brukarstøtte hos Helse Vest IKT 55 97 65 40.

Ytelse/hastighet når man jobbar på heimekontor
Det er mange fleire enn normalt som nå jobbar på heimekontor. Helse Vest IKT jobbar med å auke kapasiteten slik at dette skal bli betre. Kapasiteten i eiga nettverk heime vil også verke inn på ytelsen.
Helse Vest IKT har sett at spesielt tidlig morgonen så er det mange som bruke løysinga, t.d. til morgonmøter. Dette kan føre til man opplever at video og/eller lyd er dårlig og faller ut av møta.
Det anbefalast derfor at dei som har moglegheit til det, gjennomfører Skype-møter seinare på dagen. Om mogleg også bare bruker lyd og ikkje video. Dette vil bidra til betre kapasitet og meir stabil løysing for alle.

Viktig informasjon sendast på SMS til alle tilsette – Hugs å oppdatera MinGat

Det er viktig at alle tilsette står oppført med rett mobilnummer i MinGat slik at SAV kan sende ut viktige beskjedar til alle tilsette. Fagforeningane og Vernetenesta støtter bruk av SMS-varsel under Koronaberedskap.

Karantene og tilsette

Oppdatert 20. mars.

Desse skal i karantene:

Du skal i karantene dersom du kommer til Norge frå utlandet, og om du har hatt nær kontakt med ein person som er bekrefta sjuk med Covid-19 (korona) før sjukdomsdebut.


Råd om unntak frå heimekarantene for tilsette i helsetenesta

Oppdatert: 20.03.20

Det er viktig å sikre forsvarleg drift. Det kan difor bli aktuelt å la tilsette i helsetenesta arbeide, sjølv om dei er i heimekarantene. Før ein gjev unntak frå karantene, bør følgande vurderast:

  • Moglegheit for å allokere personell frå andre avdelingar
  • Moglegheit for nedjustering av aktivitet

Eksempel på tilsette som kan vere aktuelle for arbeid i karanteneperioden:

  • Tilsette som er i karantene etter utanlandsreise.
  • Tilsette som er i slutten av karanteneperioden (gjennomsnittleg inkubasjonsperiode for covid-19 er 5-6 dagar).
  • Tilsette som er minst utsatt for smitte, t.d. hadde nærkontakt bare dagen før bekrefta tilfelle utviklet symptom.

Desse skal ikkje komme på jobb:

  • Tilsette med nyoppståtte luftvegssymptom
  • Tilsett som er bekrefta sjuk med korona (skal være i heimeisolasjon)

Sjå FHIs råd til de som er syke og i hjemmeisolasjon

Opplæringstilbod for tilsette

SAV tilbyr ulike opplæringstiltak innan SHE og PRO-områda. Ha dialog med leder om kva opplæringstilbod som er relevant for deg.

Sjå oversikt over digitale kurs du som tilsett kan gjennomføre heimafrå i Læringsportalen, uavhengig av om du har jobb-pc eller ikkje.

Prøvetaking av tilsette i SAV

Tilsette i SAV er helsepersonell og omfatta av dei til ei kvar tid gjeldande test-prioritering av denne gruppa.
SAV tilsette kan få test utført på legevakt. I noen tilfelle kan sjukehuset tilby test, dette vil leiaren din avklare. Informer leder umedelbart om du lurer på om du skal bli testa for Korona.

Les meir om kriterier for testing på denne lenka

Reiseråd til tilsette

Sjå Folkehelseinstituttet sine reiseråd

Større samlingar, møter og konferansar

SAV deltar ikkje på, eller arrangerer, større møter, konferansar eller liknande under koronasituasjonen. Vi deltar heller ikkje i aktivitet i utlandet. 

Eigenmelding i forbindelse med korona

Les meir på denne lenka på regjeringen.no

Alle som må være borte frå arbeid på grunn av koronasmitte, eller mistanke om slik sjukdom, har rett til sjukepengar.

  • Endringar innført frå 20.03.20:
    Arbeidsgjevarperioden reduserst frå 16 til tre dagar for korona-relatert sjukefråvær.
  • Eigenmeldingsperiode utan krav til sjukemelding utvides til 16 dagar
  • Talet på dagar med sjukt barn dobles.

Utvida tilgang til bruk av eigenmeldingar er viktig for at fastlegene og legevaktlegene må bruke kompetansen og arbeidskrafta si på å behandle pasientar, ikkje skrive sjukmeldingar.

Smittevern og organisering

På jobb og redd for å bli smitta? Korona-viruset er midt i blant oss. Mange er urolige for smitte, også på jobb. Korleis beskyttar vi oss? Kva utstyr skal vi bruke kvar, når og kvifor?

Det er innført en rekke tiltak for å redusere smitte og å sikre drift

Bemanninga er delt opp i arbeidslag, tilpassa det enkelte apotek. Det kan være at man jobbar ulike dagar/på ulike tider, eller i ulike rom. Vi har dialog med sjukehusa for å kunne disponere eigne rom t.d. til lunsjavvikling for deler av personalet. Vi jobbar også med smittereduserande tiltak i garderobar.

Vi har også en rekke smittereduserande tiltak i Publikum, t.d. inn- og utspriting av kundar, maks tal på kundar inne samtidig, ingen sjølvplukk i sjølvvalet, og montering av pleksiglas (under arbeid per 20.03.20).   
 
Generelle råd for å redusere risiko for smitte
Du kan også gjøre mye sjølve for å redusere risiko for smitte. Det gjelder både hygienetiltak og sosial omgang. Sosial distansering er en måte å redusera og forsinke utbrot av korona. Råda gjeld for befolkninga generelt, de som er i heimekarantene og de sjuke som skal være i isolering. FHI kom med presisering om sosial distansering 16.03.20. Les meir om dette her.   

Les FHI råd om smitteførebygging på denne lenken

Om smitte

Har du vært i nærkontakt med personar som har fått påvist covid-19 sjukdom?
For å hindre vidare smittespreiing og avgrensa utbrotet av covid-19 i Norge blir det gjort ei kartlegging av personar som har vore i kontakt med ein person med bekrefta koronavirussjukdom. Folkehelseinstituttet anbefaler at nærkontaktar reduserer sosial kontakt (heimekarantene).

Korleis kan du bli smitta med koronavirus?

Smittemåten er hovudsakeleg dråpe- og kontaktsmitte som for andre koronavirus, men det er og påvist viruset i avføring (feces). Kunnskap om smittevei er likevel avgrensa sidan dette er et nytt virus. Difor leggjast eigenskaper til koronavirus i nær slekt til grunn for råda.

Inkubasjonstid (tida frå man er smitta til sjukdommen gir symptom) er i følgje WHO regna til å være 5-6 dagar, men den kan variere frå 0-14 dagar.

Det nye koronaviruset fører til luftvegsinfeksjon og kan gje alt frå milde symptom til meir alvorlig sjukdom. Symptoma liknar dei man kan sjå ved forkjøling og influensa. Feber og hoste er de vanlegaste symptoma på infeksjon. Enkelte har starta med sår hals og milde symptom, men de fleste vil få feber og hoste etterkvart. Nokon utviklar lungebetennelse med pustevanskar og/eller hoste, eventuelt med lungeinfiltrater [LØ1] på røntgen. Alvorlig lungesvikt og dødsfall hendar. Informasjon om risikofaktorar for alvorlig sjukdom er foreløpig avgrensa, men alvorlig sjukdom og dødsfall er oftast sett hos eldre og personer med underliggande sjukdomar.

Les meir på denne lenka    

Kva skjer viss du får påvist sjukdommen?
Personar som får påvist koronavirusinfeksjon vil bli isolert heime eller på sjukehus, avhengig av boforhold og sjukdommens alvorlegheitsgrad. Mange vil berre ha milde symptom, men isolering blir gjort for å redusere risikoen for å smitte andre. Du vil bli følgt opp av leiaren din, i samråd med smittevernlege i sjukehuset.

Kva med dei du bur saman med?
Så lenge du er frisk, kan dei som bur i same husstand leve som normalt. Dei er ikkje omfatta av karantene-tiltaka så lenge du er heime og symptomfri.

Les meir om heimekarantene i avsnittet Karantene og tilsette.

Håndtering av påvist smitte hos medarbeider i SAV
Slik smittesituasjonen utvikler seg i Norge er det stor mulighet for at eller flere medarbeidere i SAV vil få påvist smitte med koronaviruset i tiden som kommer. Det er derfor utarbeidet en sjekkliste for støtte til håndtering ved positivt svar på Covid-19. Det vil sikre forsvarlig og hensiktsmessig håndtering ved bekreftet positiv prøve hos en av våre medarbeidere. Blant tiltakene inngår varsling (til AD, HRO Direktør, sykehus og tillitsvalgte/vernetjeneste), karantenevurderinger for kolleger, smittesporing, nedvask mm. Retningslinjen ligger i SAVvy.
Fagforeningene sluttet seg til retningslinjen i samhandlngsmøte 24.03.2020.

Ta kontakt med lederen din dersom du lurer på noe. 

Råd til deg med luftvegsinfeksjon men som ikkje er testa
Sjå rinformasjon om smitte, mistanke om smitte og ofte stilte spørsmål (Helse Bergen)


Fann du det du leita etter?