Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Vi har fornøgde kundar

Sjukehusapoteka Vest ynskjer og har som mål å vere ein god leverandør av apotekvarer og -tenester. I september 2017 gjennomførte vi ei kundeundersøking ved alle våre publikumsapotek. Målet var å få tilbakemeldingar om korleis kundane våre opplever arbeidet vårt og kva vi kan bli betre på.

Publisert 29.11.2017
Sist oppdatert 05.01.2023
Stein Erik Knapstad står i et apotek og smiler.

Nær 900 kundar deltok i undersøkinga. Dei fleste var personer med avtalar på poliklinikk eller tilsette ved sjukehusa.

Fornøgde kundar

Målet er at dei som bruker sjukehusapoteka skal få den hjelpa dei treng og har ei god oppleving når dei besøker oss. Over 90% av kundane våre seier at dei var fornøgd eller svært fornøgd. Dei oppgjer at dei fekk gode råd og rettleiing av dei tilsette. Mindre enn ein prosent av kundane våre seier at dei ikkje var fornøgde med besøket på apoteket.
- Råd om riktig bruk og handtering av legemidlar er hovudoppgåva til dei tilsette i apoteka og svært viktig for å oppnå eit optimalt resultat av legemiddelbehandlinga, seier fagsjef Stein-Erik Knapstad.

Undersøkinga viser at det store fleirtalet av kundane er godt fornøgd med besøket på sjukehusapoteket. På same tid så visar resultatet frå undersøkinga at vi enno har litt å strekkje oss etter.
- Vi ser at vi har enno litt å strekke oss etter med omsyn til råd og rettleiing. Spesielt ynskjer vi å betre fokus på informasjon og rådgjeving for relevante produkt som kan vere nyttig i samband med legemiddelbehandlinga, fortel han.

Vi kan framleis bli betre

På spørsmål til kundane våre om kva vi kan bli betre på, oppgjer dei at vi har eit forbetringsområde med omsyn til å korte ned ventetida før ein vert ekspedert.
- Det vil vi jobbe vidare for å oppnå. Vi har sett oss som mål at 80 prosent av kundane vert ekspedert innan 5 minuttar, seier Knapstad.

Sjukehusapoteka er opptatt av å ha eit godt og omfattande vareutval og ha gode tilbod til kundane. Undersøkinga viste at om lag halvparten av dei hadde fått informasjon om andre varer og gode tilbod når dei var på apoteket.
- Her har vi eit potensial til å vere meir aktive for å vise kundane kva andre nyttige varer dei kan få kjøpt når dei allereie er på apoteket.

God service

Meir enn 95 prosent av kundane seier at dei er godt nøgd med servicen dei får når dei kjem til sjukehusapoteket. Dei seier og at det er god orden på apoteka våre.
- Vi synes det er nyttig å høyre kva kundane meiner om oss. Alle tilbakemeldingane vi får har høg verdi for arbeidet vårt vidare. Det medverkar til auka pasienttryggleik, gir oss moglegheita til å bli betre og vere det apoteket som kundane treng, seier Knapstad.

Her finn du alle resultata