Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

No slepp du å vente på medisinane dine

Ved å bestille klargjering slepp du å trekkje kølapp og får du enkelt med deg dei medisinane du treng for vidare behandling.

Publisert 24.08.2016

​Sjukehusapoteka i Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger gjer det nå enklare å hente medisinar.Det beste av alt er at du ikkje treng å vente på at medisinen skal gjerast klar.

- Alle apoteka våre tilbyr nå klargjering av reseptar. Dette betyr at ein kan gå rett til skranken der ein vanlegvis betaler apotekvarene som er plukket i sjølvvalet, fortel fagsjef Nina Carstens.

Bestill klargjering på nett
På sav.no. kan ein enkelt klikke seg inn på "Bestill klargjering av e-resept" der du får opp eit eige bestillingsskjema.Her fyller eit ut namn, fødselsnummer, mobilnummer og kva medisin, samt styrken på denne, som ein skal ha.

- For at vi skal kunne klargjere medisinen er det viktig at bestillinga blir send ein time eller meir før ein ønske å hente medisinen, fortel Carstens.
- Og den som bestiller medisinen vil få ei melding på telefonen når alt er klart for henting.
 
Her kan du bestille klargjering av e-resept