Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Styret i SAV: - Ønskjer å vere tett på i oppfølginga

På styremøtet i Sjukehusapoteka Vest 15. mars fekk styret ein gjennomgang av den førebelse tilsynsrapporten til Legemiddelverket. - Styret ønskjer å vere tett på i oppfølginga, seier styreleiar. 

Publisert 15.03.2023
Sist oppdatert 21.03.2023
En person i en labfrakk

​​Onsdag 15. mars ​​hadde styret i Sjukehusapoteka Vest sitt første ordinære møtet for året på Scandic Airport ved Flesland i Bergen, med mange punkt på saklista​

Under administrerande direktør Jon Bolstad si orientering innleiingsvis i møtet fekk styret både ein overordna status for drifta ved Sjukehusapoteket i Bergen og ein gjennomgang av den førebelse rapporten til Legemiddelverket. 

Rapporten  peika på eitt kritisk avvik, sju store og fire andre. Sjukehusapoteka Vest har fram til 24. mars med å komme med innspel til den endelege rapporten.

- Styret har fått ein ein gjennomgang av den førebelse rapporten frå Legemiddelverket. Styret forventar at føretaksleiinga svarar ut rapporten og jobbar fram ein tiltaksplan for å lukke avvika, seier styreleiar Trude Marit Risnæs. 

Administrerande direktør Jon Bolstad kom også i si orientering inn på korleis ein følgjer opp avvika. 

-Det kom fram i møtet at det er allereie sett i gang i tiltak på fleire område, og det er styret sjølvsagt glad for å høyre. ​

-Dette er uansett eit arbeid som styret ønskjer å vere tett på framover og be om jamnleg status på. Utover det forventar styret at leiinga er tett på drifta og at nødvendige tiltak blir sett i gang om behov, seier styreleiaren. 

Styret har tidlegare også engasjert konsulentselskapet Deloitte til å kartlegge varslingssakene som er melde inn. Arbeidet med dette pågår. 

- Varslingsinstituttet og - sakene har ein kompleksitet ved seg som krev grundigheit og nødvendig tid. Deloitte er truleg ferdig med arbeidet tidlegast over påske. Når rapporten frå Deloitte føreligg, vil styret ta stilling til korleis dette blir følgd opp vidare, seier styreleiar Risnes.