Sjukehusapoteket Haraldsplass opna november 2021. Det ligg sentralt plassert rett innanfør døra til den gamle hovudinngangen til sjukehuset.
Her tilby sjukehusapoteket eit breitt sortiment av medisinar, sjukepleieartiklar og andre apotekvarer tilpassa sjukehuset og pasientane. Dei fleste av medisinane som sjukehuset nyttar vil vi ha på lager, slik at du enkelt kan få desse med deg når du skal reise heim.
Hos sjukehusapoteket får du god rådgiving og rettleiing, og vi jobbar kvar einaste dag for å medverke til økt pasienttryggleik, betre helse og auka velvære.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.