Sjukehusapoteka tilbyr ny teneste til pasientar som har starta med hjartemedisin
Medisinstart er ei utvida rettleiing til pasientar som nyleg har starta på legemiddel for hjarte- og karsjukdom. Målet er å medverke til riktig legemiddelbruk, auka tryggleik for pasienten og etterleving av legemiddelbehandlinga. Denne tenesta er no tilgjengeleg og kan bestillast på alle våre sjukehusapotek.
Kva er Medisinstart?
Medisinstart er ei teneste der pasientar, som nyleg har starta med legemiddel for hjarte- og karsjukdom, får strukturerte samtalar i apoteket saman med ein farmasøyt. Tenesta er offentlig finansiert og pasienten betaler ingen eigenandel (3 års prøveordning).
- Medisinstart består av to oppfølgingssamtalar mellom pasient og farmasøyt. Samtalene bør gjennomførast høvesvis 1-2 veker og 3-5 veker etter at pasienten har starta å bruke sin nye medisin, fortel Stein-Erik Knapstad, fagsjef i Sjukehusapoteka Vest.
Medisinstart skal gjennomførast av tenestefarmasøytar som har fullført eit obligatorisk opplæringsprogram for tenesta og er godkjend av apotekar.
Skal bidra til riktig bruk og auka etterleving
Etterleving av legemiddelbehandling er ei utfordring, spesielt for pasientar med kroniske sjukdommar og tilstandar, og pasientar som nyttar fleire legemidlar samtidig 1.
- Farmasøyten vil kartlegge pasienten sitt behov for informasjon, praktisk bruk, etterleving, motivasjon og eventuell uro knytt til det nye legemidlet dei har starta på, fortel Knapstad.
Medisinstart gir resultat
Rettleiing når ein startar med eit nytt legemiddel er i dag ei etablert teneste i Storbritannia og Danmark, og evaluering av den britiske tenesta viste at metoden var kostnadseffektiv og medverka til auka etterleving 2,3. Det er også funne liknande effektar av rettleiinga i den norske Medisinstartstudien (data ikkje publisert).
Tilgjengelig i apotek frå 1. mai 2018
I Noreg er Medisinstart i apotek tilgjengelig frå 01.05.2018.
- Vi er veldig glad for at denne tenesta no vert tilgjengeleg og vil bidra til meir riktig legemiddelbruk hos våre pasientar, seier Knapstad.
Meir informasjon om rettleiingstenesta Medisinstart i apotek
Referanser:
1 Sabata, E. (2003). Adherence to long-term therapies: Evidence for Action. Geneve, Sveits, World Health Organization.
2 Elliott, R. A., et al. (2016). "Supporting adherence for people starting a new medication for a long-term condition through community pharmacies: a pragmatic randomised controlled trial of the New Medicine Service." BMJ Qual Saf 25(10): 747-758.
3 Elliott, R. A., et al. (2017). "Cost Effectiveness of Support for People Starting a New Medication for a Long-Term Condition Through Community Pharmacies: An Economic Evaluation of the New Medicine Service (NMS) Compared with Normal Practice." Pharmacoeconomics 35(12): 1237-1255.