Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stomi

Stomi er en kunstig åpning der tarm eller urinveier er ført ut gjennom huden ved et kirurgisk inngrep. Hensikten med å føre avføring/urin ut gjennom stomien er å avlaste eller erstatte et sykt organ. 

En gruppe produkter

Stomier kan enten være midlertidige eller varige, avhengig av årsak til operasjonen. Årsaker kan vera kreft, kroniske tarmbetennelsar, medfødde misdanningar og skader etter kirurgiske inngrep eller strålebehandling.

Sjukehusapoteket har tilsette som har god kunnskap om stomi og produkt som passar til ulike behov.

Forskjellige typar stomi 

Ulike navn sier hvor forskjellige typer stomi kommer fra. Dei vanlegaste stomiear er:

  • Colostomi: utlagt tjukktarm på venstre side av magen
  • Ileostomi: utlagt tynntarm på høgre side av magen
  • Urostomi: utlagte urinvegar der urinleiarane er kopla til eit stykkja tynntarm, som deretter er lagd ut på høgre side av magen


 

Produkt

Me har, eller kan skaffa produkt til alle typar stomi. Helfo dekkjer det meste av det du treng av utstyr til stomi på Blå resept. Sjå www.helfo.no
 

Stomiutstyr finst som 1-delt eller 2-delte system:

  • 1-delte system: stomipose og plate festa saman og alt blir skifta kvar gong. Skiftes ut ved behov, minimum 1 gong pr døgn
  • 2-delte system: stomipose blir festa på hudplate. Hudplate blir skifta 2-3 gonger pr veke og stomiposene blir minimum skifta ein gong pr døgn. Posen har filter som er garantert effektiv i 24 timar
     

Anna utstyr

  • Limfjernar: blir brukt til å fjerna restar av lim frå hudplate
  • Tetningsringar: blir brukte til å tette rundt stomien dersom ein har lekkasjeproblem
  • Fortjukningsmiddel: skal plasserast i stomiposen ved tyntflytande avføring frå tarmen
  • Forskjellige barriereprodukt ved sår hud
  • Forlenger av plate: blir festa på hudplater for ekstra tryggleik
  • Posedeodorantar
  • Forskjellige stomibelter/badebeltar m.m
Sist oppdatert 09.09.2016