Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Røykeslutt

Røyk inneheld fleire typar giftstoff som har ein negativ effekt på helsa. Tjære og andre kjemikaliar forårsakar skadar på lungene og vil gjere det vanskelegare å puste.

En person som holder en kniv
Karbonmonoksid (kolos) frå røyken blir tatt opp av raude blodlekamar. Dette fører til at blodlekamane ikkje klarer å ta opp så mykje oksygen som dei elles kunne gjort, og ein vil få dårlegare transport av oksygen rundt i kroppen.

Røyk vil også gi betennelse i blodårene, samt åreforkalking. Blodårene vil bli trongare, og ein vil få høgare risiko for hjarteinfarkt og hjerneslag.

Visste du at?

  • Røyking kan skade folk rundt deg, i tillegg til å skade deg sjølv.
  • Nikotin er eit av dei mest vanedannande stoffa vi kjenner.
  • Halvparten av dei som røyker, døyr av ein sjukdom relatert til røykinga.
  • Å slutte å røyke er det beste du kan gjere for kroppen din.
  • Det finst hjelpemiddel som kan hjelpe deg med å stumpe røyken.
  • Gevinstane ved røykeslutt kjenner du raskt:
    • 20 minuttar – pulsen går ned
    • 8 timar – blodsirkulasjonen blir betre
    • 24 timar – risikoen for hjarteinfarkt blir lågare
    • 48 timar – smaks- og luktesansane blir betre
    • 72 timar – lungekapasiteten aukar og kroppen er nikotinfri

Nikotinerstatningsprodukt

Det finst ulike typar nikotinerstatningsprodukt som kan hjelpe deg når du ønskjer å slutte å røyke. Produkta finst som plaster, tyggegummi, sugetablettar, inhalator og munnspray, og dei finst i ulike styrkar. Styrken du bør velje, er avhengig av kor mange sigarettar du røyker dagleg.

Når du vel å bruke nikotinerstatningsprodukt, er det viktig at du er tolmodig. Sett deg langsiktige mål, og bruk nokre månader på å slutte. Det er då meir sannsynleg at du held deg røykfri.

Plaster

Det er viktig at du startar med den høgaste dosen på plasteret, for deretter å trappe ned til lågare dosar:

Nicotinell
21 mg/24t i 3-4 veker
14 mg/24t i 3-4 veker
7 mg/24t i 3-4 veker

Du skal byte plasteret ein gong i døgnet.
 
Nicorette
25 mg/16t i 8 veker
15 mg/16t i 2 veker
10 mg/16t i 2 veker

Du skal ta av plasteret kvar kveld og setje på eit nytt plaster kvar morgon.

Du kan starte med middels dose på plasteret og deretter trappe ned til lågare dose:
 
Nicotinell
14 mg/24t i 3-8 veker
7 mg/24t i 3-4 veker

Du skal byte plasteret ein gong i døgnet.
 
Nicorette
15 mg/16t i 8 veker
10 mg/16t i 4 veker

Du skal ta av plasteret kvar kveld og setje på eit nytt plaster kvar morgon.

Tyggegummi og sugetablettar

Sugetablettar
1 mg, 8–12 dosar i døgnet

Varigheit: Behandlinga bør vare i 3 månader før ein reduserer nikotindosen gradvis over tid.

Tyggegummi
2 mg, 8–12 dosar i døgnet

Varigheit: Behandlinga bør vare i 3 månader før ein reduserer nikotindosen gradvis over tid.

Sugetablettar
1–2 mg, 8–12 dosar i døgnet

Varigheit: Behandlinga bør vare i 3 månader før ein reduserer nikotindosen gradvis over tid.

Tyggegummi
2–4 mg, 8–12 dosar i døgnet

Varigheit: Behandlinga bør vare i 3 månader før ein reduserer nikotindosen gradvis over tid.

Sugetablettar
2 mg, 8–12 dosar i døgnet

Varigheit: Behandlinga bør vare i 3 månader før ein reduserer nikotindosen gradvis over tid.

 

Tyggegummi

4 mg, 8–12 dosar i døgnet

Varigheit: Behandlinga bør vare i 3 månader før ein reduserer nikotindosen gradvis over tid.

Munnspray

1–2 dosar skal sprayast i munnen når du vanlegvis ville røykt ein sigarett, eller når du opplever røykesug. Doseringa bør avgrensast til maks. 4 dosar i timen, og maks. 64 dosar i døgnet. Etter 6 vekers bruk bør dosane trappast ned, slik at du etter 12 vekers bruk er nede i 4 dosar i døgnet. Behandlinga bør avsluttast når du er nede i 2–4 dosar i døgnet.

Inhalator

Inhaler produktet når du vanlegvis ville røykt ein sigarett, eller når du opplever røykesug. Doseringa på produktet er individuelt, men ei dagleg nikotindose som svarer til 4–6 dosebehaldarar per dag, er anbefalt. Det er ikkje anbefalt å bruke meir enn 12 dosebehaldarar per dag. Behandlinga bør vare i 3 månader før nikotindosen blir redusert gradvis over 6–8 veker. Behandlinga bør ikkje brukast i meir enn 6 månader.


Kjelder: helsebiblioteket.no., Helsedirektoratet
 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 09.09.2016