Inkontinens

Inkontinens er lekkasje av urin eller avføring grunna manglande kontroll over blære eller tarm. Det kan ramma alle, av ulike årsaker.

 

​Det kan vera medfødde misdanningar, ulike sjukdommar som f. eks. MS.
graviditet, fødslar, overgangsalder hjå kvinner, forstørra prostata hjå menn, bruk av enkelte legemiddel og generell alderdom som reduserer kroppen si evne til kontroll over blære eller tarm.
 
Inkontinens kan gje sosiale utfordringar der ein er redd for lukt frå urin eller avføring. Det er difor viktig å søkja råd for å unngå at ein isolerer seg.
 
For å unngå inkontinens kan ein prøva å førebyggja lekkasje ved å følgja råd om trening frå lege/urolog. Dersom ein har treng det, finst det eit breitt utval av produkt som kan tilpassast dei fleste behov.
 
Det meste av utstyr for inkontinens blir dekt av Helfo på blå resept. Du kan lese meir om dette på www.helfo.no.
 

Produkt

  • Truseinnlegg til både menn og kvinner ved små lekkasjar
  • Bleier i forskjellige storleikar og utforming som er tilpassa behovet til den enkelte
  • Truser til å halda bleiene stabilt på plass
  • Uridomer som blir kopla til urinposar
  • Stol/ sengevern til eingongsbruk. Det er plast på underside slik at ein skånar stolputer, madrassar
  • Hudpleieprodukt som førebyggjer og pleier hud utsett for urin/avføring