Munnskåld
Munnskåld er sår som kjem inni munnen. Såra er gjerne runde, gulkvite, ømme og raude rundt. Årsaka til at såra oppstår, er ukjent. I enkelte tilfelle kan dei skuldast ein virusinfeksjon (for eksempel herpessår).
Lokale skadar i munnslimhinna og stress kan vere utløysande faktorar. Ein del kroniske sjukdomar slik som Crohns sjukdom, ulcerøs kolitt og cøliaki gir også større risiko for munnskåld.
Visste du at?
- Barn og unge vaksne er mest plaga med munnskåld.
- Dei fleste som har plagene utan kjend årsak, har plager som kjem og går. Dei første åra vil plagene auke, men så vil dei langsamt bli borte.
- Tilstanden er vanlegare i enkelte familiar, noko som kan tyde på at både arv og miljø speler inn.
- Hos dei fleste vil utbrotet vere over i løpet av 7–14 dagar.
Kva kan du gjere sjølv?
For å unngå/redusere utbrot:
- Bruk ein mjuk tannbørste for å hindre skadar på munnslimhinna.
- Bruk ein såpefri tannkrem. Såpestoff kan løyse opp protein i spyttet og på den måten redusere spyttet sin vernande effekt.
- Ver forsiktig med sure drikker (for eksempel brus og juice) og hard mat som kan lage rifter i munnslimhinna.
For å lindre plagene ved utbrot kan ein:
- Skylje/behandle når plagene har oppstått for å forkorte prosessen.
- Til små barn kan munnskyljevæska påførast med q-tips eller ved hjelp av ein mjuk tannbørste som ein dyppar i munnskyljevæska.
Apoteket anbefaler
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.
Sist oppdatert 20.11.2023