Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Kikhoste

Kikhoste er ein bakterieinfeksjon i luftvegane forårsaka av bakterien Bordetella pertussis. Sjukdomen medfører langvarig og kraftig hoste, ofte med karakteristiske ”kikeanfall” (pipelyd) med forsterka innpust, eventuelt også brekningar.

​Kikhoste er svært smittsamt og smittar ved dropesmitte, f.eks. ved at den sjuke nys eller hostar på andre eller ved at ein deler kopp/glas eller liknande.

Det tek 7–10 dagar frå ein er smitta til dei første symptoma viser seg (inkubasjonstid). Først kjem feber, hoste og rennande nase ei vekes tid. Deretter kjem ein sjukdomsperiode på fleire veker med kraftig hoste.

Visste du at?

  • Barn under 2 år, uvaksinerte og personar som har nedsett immunforsvar, kan bli svært sjuke av kikhoste.
  • Vaksine mot kikhoste er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet. Det blir også anbefalt at vaksne får oppfriskingsvaksine mot kikhoste kvart 10. år. Spesielt gjeld dette for helsepersonell, eller personar som omgåst spedbarn.
  • Kikhoste skuldast bakteriar og kan behandlast med antibiotika.
  • Antibiotika har rask effekt dersom det blir gitt dei første 2 vekene. Antibiotikabehandling som startar seinare enn 2–3 veker etter start av symptoma, reduserer smitteevna raskt, men har liten effekt på den vidare sjukdomsprosessen.
  • Ein kan få kikhoste som vaksen trass i at ein har hatt det som barn.

 

Kva kan du gjere sjølv?

Kontakt lege ved mistanke om kikhoste. Legen må vurdere om dei sjuke og familiemedlemene til den sjuke bør ha behandling med antibiotika. Ved påvist kikhoste er det viktig å førebygge spreiing av smitte. Barn må haldast heime frå skule og barnehage mens dei er smittsame. Ein er smittsam frå ein blir sjuk og i ca. 3 veker. Etter at antibiotikabehandling er starta opp, er ein smittsam i 5 dagar.

For å førebygge sjukdom er det anbefalt å følgje barnevaksinasjonsprogrammet, samt vaksinere seg på nytt cirka kvart tiande år. Personar som ikkje har fått vaksinasjon i barneåra, må ha basisvaksinasjon som består av 3 dosar. Ta kontakt med fastlegen eller vaksinasjonskontoret i kommunen der du bur.

Apoteket anbefaler

 

 Vask hendene ofte, og bruk eventuelt middel til desinfeksjon av hender (Antibac Pharma). Sjuke bør unngå å hoste og nyse på andre. Host eller nys i olbogen.
 

Legemiddel med paracetamol (Paracet, Pinex) eller ibuprofen (Ibux, Ibumetin). Barn under eitt år, gravide, ammande, personar som har magesår eller astma, bør ikkje bruke ibuprofen.
Paracetamol er førsteval som febernedsetjande til barn.
 

  • Digital febermålar: Accu-temp
  • Hygieneovertrekk til febermålar 

  • Noskapin (tablettar eller mikstur)

Barn under 2 år, gravide og ammande skal ikkje bruke Noskapin, heller ikkje dei som bruker legemiddelet Marevan.

Dersom dei sjuke hostar i papirlommetørkle, blir smittespreiinga redusert.

 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

 

Sist oppdatert 20.11.2023