Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Vasskoppar

Vasskoppar er forårsaka av eit virus i herpesfamilien (varicella zoster-virus). Sjukdommen smittar ved dropesmitte eller ved direkte kontakt med væske frå utslettet.

Vasskoppar er svært smittsame frå 1–2 dagar før utslettet kjem og til utslettet tørkar inn (vanlegvis ca. 5 dagar). Dei fleste får vasskoppar i barneåra. Vaksne blir hardare angripne enn barn.

Symptom

Feber, utslett og kløe er vanlege symptom. Utslettet startar med ein liten raud prikk som blir til ei væskefylt blemme. Det blir danna ei skorpe på blemma som tørkar inn og fell av. Utslettet startar gjerne på overkroppen og i ansiktet, og det spreier seg til armar, bein og eventuelt også til underlivet og munnen.

Visste du at?

  • Det tar ca. 2–3 veker frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut (inkubasjonstid).
  • Barn bør vere heime frå barnehage/skule til dei er feberfrie og utslettet har tørka inn.
  • Etter gjennomgått sjukdom ligg viruset latent i kroppen. Hos enkelte kan viruset bli reaktivert og føre til helveteseld (herpes zoster) i vaksen alder.

Kva kan du gjere sjølv?

  • Vasskoppar går over av seg sjølv. Behandlinga er retta mot å lindre kløe og smerte og eventuelt få ned feber.
  • Hald neglene kortklipte for å hindre oppskraping av huda ved kløe.
  • Varme og sveitte gjer kløen verre. Unngå klamme og tettsitjande klede. Vel klede av naturfiber, f.eks. bomull. Hald soverommet kjølig.

Apoteket anbefaler:

  • Preparat med paracetamol

Tablettar, smeltetablettar, mikstur eller stikkpiller.

Lindrar, verkar kjølande og kløstillande.

  • A-Derma Cytelium spray
  • Kvitvask sinkliniment

  • Avene Cicalfate
  • A-Derma Dermalibour
  • La-Roche Posay Cicaplast Sinksalve


Ved sterk kløe kan ev. kløstillande tablettar skrivast ut av lege (reseptpliktig).
 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 06.02.2024