Kva er det?
Ein meiner at årsaka til flass er gjærsoppen Malassezia ovale. Denne gjærsoppen finst naturleg hos dei fleste av oss, men forårsakar berre problem hos dei som har mykje av han, eller som er spesielt sensitive for han.
Kraftig feittliknande flass, ofte i kombinasjon med feit hovudbotn, kan vere teikn på seboreisk eksem, og ofte i kombinasjon med flassande utslett rundt nasevengene, augebryn, øyre.
Tørr hovudbotn blir kjenneteikna med små tørre hudflak, små som støvkorn med/utan kløe. Årsaka kan for eksempel vere klimaendringar, kjemikaliar frå sjampo, hårstylingprodukt, kosthald og overdriven vasking.
Det er viktig at det som kan sjå ut til å vere flass, kan vere teikn på tørr hovudbotn. Desse treng ulik behandling for å få best mogleg resultat.
Visste du at?
- Har du tørr hovudbotn eller flass, er det lurt å unngå hårprodukt med alkohol, då dette tørkar ut huda.
- Stylingprodukt bør ikkje kome i kontakt med hovudbotnen dersom du er plaga av flass / tørr hovudbotn.
- Det er ekstra viktig å skylje hovudbotnen nøye etter sjamponering om du har problem med flass / tørr hovudbotn.
- Er huda di tørr på kroppen, er det ganske sannsynleg at hovudbotnen din også er tørr.
- Det finst fuktgivande produkt spesielt til hovudbotnen som ikkje gjer håret feitt.
Kva kan du gjere sjølv?
Tørr hovudbotn
For å rette opp att balansen i hovudbotnen anbefaler vi å bruke ein mild sjampo. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, kan du i tillegg bruke ein fuktgivande gele til hovudbotnen.
Lett flass
Bruk av ein mild flass-sjampo i utsette periodar er anbefalt.
Moderat til kraftig flass og seborroisk eksem i hovudbotnen
Ein kur med medisinsk sjampo som drep soppen som er årsaka til flass, er anbefalt. Ein mild sjampo er anbefalt mellom behandlingane og i dei betre periodane.
Er du plaga av feitt flassbelegg i hovudbotnen, kan eit oljeliniment med salisylsyre masserast inn i hovudbotnen slik at skorpene lausnar.
Eksempel på produkt
Ved tørr eller sensitiv hovudbotn, eller mellombehandling av flass
Mild sjampo
ACO special care sjampo til tørr hovudbotn
Sebamed everyday shampoo ekstra mild
Decubal mild sjampo
Vichy Dercos sjampo sensitive og tørr
Ved lett flass
Flass-sjampo
Sebamed Anti-Dandruff Shampoo
La Roche Posay Kerium DS intensive flass sjampo
Vichy Dercos flass sjampo til feit hovudbotn / tørr hovudbotn
Ved moderat/kraftig flass eller seborroisk eksem
Medisinsk flass-sjampo
* kan bestillast
Fuktgivande produkt
Oljeliniment med salisylsyre
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.