Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Ansiktspleie

Det er din hudtype og hudtilstand som avgjer kva produkt du bør bruke når du pleier ansiktet ditt. Uansett hudtype og ønske om effekt, så er det same pleie kvar dag/veke som blir brukt for å få best resultat.

Er du opptatt av for eksempel linjer, rynker eller ujamn pigmentering, så finst det spesifikke produkt tilpassa dette behovet.

Visste du at?

  • Riktig reinsing av ansikt er det første steget i dagleg ansiktspleie. Ansiktsreinsing er viktig. Då blir smuss og avfallsstoff fjerna, og ein får best effekt av serum og krem.
  • Ansiktsvatn fjernar restar av reinseproduktet og normaliserer huda sin pH. Tilleggseffektar kan vere å matte eller roe ned.
  • Serum er eit “konsentrat” av aktive ingrediensar. Eksempelvis finst det serum som gir ekstra fukt og andre som motverkar rynker.Serum blir alltid brukt under kremen.
  • Ansiktskrem med solfilter er viktig både for å førebygge hudkreft og for å førebygge aldringsteikn i huda. Dagkrem med solfaktor bør brukast heile året.
  • Augekrem er tilpassa den tynne huda rundt auget. Kremen skal påførast forsiktig rundt augepartiet og i dei fleste tilfelle skal augelokket unngåast.
  • Kva for hudtype du har er genetisk, og dette blir som regel ikkje endra over tid. Tilstanden til huda kan derimot endrast pga. ytre faktorar. Eksempel på hudtilstandar er fuktfattig hud, solskadd hud og irritert hud.

Kjenneteikn til ulike hudtypar

Det er din hudtype og hudtilstand som avgjer kva produkt du bør bruke når du pleier ansiktet ditt. På apoteket kan vi saman finne produkt tilpassa din hudtype.

Dersom du har ømfintleg og/eller irritert hud, eller har andre utfordringar som krev spesiell pleie, finst det spesifikke produkt som dekker huda sitt behov på best mogleg måte.

Dersom du får medisinsk behandling for tilstandar i huda, eller påverkar huda på andre måtar, kan vi anbefale spesifikke produkt som er trygge å bruke og som støttar behandlingar du allereie får.



Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom – ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 06.02.2024