Fotpleie

Visste du at regelmessig fotpleie kan forhindre inngrodde negler, tornar og hard hud?

  • Foten sin muskulatur blir sterkare og blodsirkulasjonen aukar når vi går utan sko.
  • Springing, dansing og raske spaserturar gir god trening for føtene.
  • Du bør unngå tronge sko og støvlar. Unngå å stå stille i lengre tid av gongen. Det kan medføre hovne bein og åreknutar. Byt skotøy i løpet av dagen dersom du står og går mykje.

Råd til god fotpleie

  1. Fotbad i 10 minutt

    Bruk fotsalt til fuktige føter og flytande fotvask til tørre føter.
    Bruk eventuelt fotpeeling i tillegg. Tørk huda godt, men ver ekstra varsam mellom tærne.
  2. Fjern hard hud

    Ei fotfil med eit godt handtak er for dei fleste det beste. Hugs å file éin veg, og berre litt av gongen. Dersom du fjernar for mykje hud, vil kroppen reagere med å produsere meir hard hud for å beskytte seg.
  3. Klipp neglene

    Bruk neglesaks/tang, klipp rett over, og unngå å klippe ned på sidene på naglen (kan forårsake inngrodde negler). Klipp aldri neglebanda.
  4. Fotkrem

    Bruk ein fotkrem som passar for deg, og masser han godt inn. Unngå at kremrestar blir liggjande mellom tærne og bløyte opp huda.


 

Basispleie for alle føter

Vel produkt som er tilpassa foten. Eksfolierande sokkar som løyser opp hard hud og fuktgivande fotmasker kan halde friske føter ved like samt førebygge plager som tørr/hard hud.

Dagleg:

  • Dusj/vask føtene
  • Fotkrem
  • Sokkeskift

Kvar veke:

  • Fotbad
  • Fotskrubb/fotfil
  • Fotkrem

 

Produktar som kan nyttast ved fotproblem

Hard hud

  • Ekspressbehandling for hard hud
  • Avlastingsputer/plaster for område med hard hud
  • Mjukgjerande fotbad for hard og/eller tørr hud
  • Fotfil tilpassa hard hud
  • Fotkrem for hard hud

Fotsveitte

  • Fotsalt til bad av føtene
  • Antiperspirant til føtene
  • Deospray til sko
  • Aluminiumklorid NAF – lokalbehandling (større plager)
  • Bruk sko/sokkar av naturmateriale som let føtene puste. La skorne tørke godt mellom bruk.

Hælsprekkar

  • Mjukgjerande fotbad for hard og/eller tørr hud
  • Skånsam fotfil
  • Fotkrem for hælsprekkar
  • Unngå sko med open hæl slik at området ikkje er forsvarslaust

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.