Muskelsmerter
Muskelsmerter kan ha mange årsaker, f.eks. fysisk skade i form av slag, forstrekking eller anna overbelasting.
Psykisk belasting eller stress kan også gi muskelsmerter. Stramming av musklar over tid kan føre til smerter. Virussjukdomar som influensa kan også ofte gi smerter i muskulaturen.
Visste du at?
- Kroppen har over 600 skjelettmusklar (viljestyrte musklar) som gjer at vi kan stå oppreist og bevege oss.
- Regelmessig mosjon kan førebygge muskelplager.
- Gode arbeidsstillingar i kvardagen er viktig for å unngå belastingsskadar.
- Ved kroniske smerter er det viktig å finne årsaka til smerta, slik at ein kan starte med riktig behandling.
- Ved muskelspenningar kan det hjelpe med lett massasje som aukar blodgjennomstrøyminga til den smertefulle staden. Bruk gjerne massasjeolje.
- Nokre kolesterolsenkande legemiddel, som for eksempel statinar, kan gi muskelsmerter. Ta kontakt med lege dersom smertene ikkje gir seg innan eit par dagar, spesielt viss du har feber i tillegg.
- Tilskot med magnesium kan hjelpe ved lette muskelkrampar.
Kva kan du gjere sjølv?
Finn årsaka til muskelsmertene, og prøv å gjere noko med problemet.
Akutt muskelskade: nedkjøling av skadestaden (minimum 20 minutt), trykkbandasje for å hemme hevelse, ro og legge skadestaden høgt.
Lette til moderate og forbigåande smerter: reseptfrie smertestillande
legemiddel kan brukast.
Lette til moderate smerter og i tilknyting til forstuing eller forstrekking: lokal behandling med smertestillande og betennelsesdempande gel kan brukast.
Apoteket anbefaler
Paracetamol er førstevalet ved behandling av kortvarige lette til moderate smerter.
Andre produkt:
Nedkjøling - ispose
Avlastning - støttebandasje
Reseptfrie legemiddel i forbindelse med leddsmerter:
Smertestillande
Paracetamol
Paracet
Pinex
Kan fås som:
Tablett/kapsel
Mikstur
Stikkpille
Bruse-tablett
Granulat/smeltetablett (ta utan vatn)
Paracetamol/koffein
Paracetduo
Kan fås som:
Tablett/kapsel
Smertestillande og betennelsesdempande
Ibuprofen
Ibux
Ibumetin
Kan fås som:
Tablett/kapsel
Mikstur
Diklofenak
Voltarol
Kan fås som:
Tablett/kapsel
Lindring av symptoma ved lett til moderat slitasjegikt (artrose)
Glukosamin
Samin
Glucosamin
Kan fås som:
Tablett/kapsel
Lokale smertestillande og betennelsesdempande ved forstuing/forstrekking
Ibuprofen
Ibux
Ibumetin
Kan fås som:
Gel
Diklofenak
Voltaren Forte
Kan også brukast ved slitasjegikt i fingrar/kne
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.