Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Ernæring når barn er sjuke

Ved sjukdom vil barnet ha eit større behov for næringsstoff, samtidig som barnet kan ha ein nedsette appetitt. Det kan da vera nødvendig å auke næringsinnhaldet i maten, utan at den treng å fylle meir i volum.

Dette kan gjerast ved å bruke ekstra plantemargarin og pålegg på brødskiva, drikke H-mjølk i staden for lettmjølk, meir fløyte og olje i maten/sausen osv. Det kan også bli nødvendig å supplere med næringsdrikker eller sondeernæring dersom ein ikkje klarer å få i barnet nok mat, med auka næringsinnhald.

Blir det behov for at barnet treng ekstra mat kan ein snakke med legen sin eller klinisk ernæringsfysiolog og få ei vurdering av barnet sitt behov. Ein kan også få hjelp av personalet på sjukehusapoteket og få rettleiing om dei forskjellige produkta med høgt næringsinnhald og næringsdrikkene som finst for barn.

I ein periode med dårleg matlyst og redusert matinntak kan det også vere aktuelt å ta multivitamin tilskott tilpassa barn.

Sist oppdatert 03.11.2023