Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Den fjerde barnesjukdommen

Den fjerde barnesjukdommen er ein infeksjonssjukdom som skuldast eit virus (herpesvirus 6 og/eller 7), og som gir feber og utslett hos små barn.

​Sjukdommen blir spreidd gjennom dropesmitte, f.eks. ved at den sjuke nys eller hostar på andre eller ved at ein deler kopp/glas eller liknande. Tida frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut (inkubasjonstid) er 5–15 dagar.

Sjukdommen artar seg med plutseleg høg feber (39–40 grader) som varer i 3–5 dagar. Deretter går temperaturen ned, og det kjem eit svakt raudfarga og småprikkete utslett som gjerne er mest tydeleg på ryggen og brystet.

Utslettet kan vere svakt og vanskeleg å oppdage. Det forsvinn i løpet av nokre timar til nokre dagar. Barnet er feberfritt i utslettsfasen.

Barnet har ofte god allmenntilstand til tross for sjukdommen. Nokre barn får hovne lymfekjertlar, sår hals og rennande nase i tillegg til feber og utslett. I sjeldne tilfelle kan høg feber føre til feberkrampar hos barn som er disponert for det.

Visste du at?

  • Sjukdommen skuldast eit virus, og antibiotika hjelper derfor ikkje.
  • Sjukdommen smittar lett og rammar så godt som alle barn før 2–3 års alder. Det er mest vanleg å få sjukdommen mot slutten av første leveår.
  • Barnet kan gå i barnehagen når det er feberfritt, sjølv om det har utslett.

 

Kva kan du gjere sjølv?

Sjukdommen går over av seg sjølv og treng ikkje behandling utover symptomlindring. La barnet vere lett påkledd slik at kroppen kan kvitte seg med overflødig varme. Høg feber aukar væskebehovet, gi derfor rikeleg med drikke. Under sjukdommen har ein
lett nedsett motstandskraft. Unngå å fryse eller på annan måte auke risikoen for annan sjukdom. Dersom feberen er svært høg og/eller er plagsam, kan ein gi febernedsettande medisin.

Kontakt lege dersom barnet er under 3 månader og har feber.

Apoteket anbefaler


Febermålar:

  • Accu-temp febermålar
  • Hygieneovertrekk til febermålar
     

Febernedsettande legemiddel til barn:

  • Paracet
  • Pinex

Paracetamol er førsteval som febernedsettande til barn.

Legemiddelform:

  • Stikkpiller. Brukast frå 3 kg (0 månader) 
  • Mikstur. Brukast frå 3 kg (0 månader)
  • Smeltetablett. Brukast frå 7 kg (6 månader) 
  • Brusetablett. Brukast frå 15 kg (3 år)
  • Tablett. Brukast frå 15 kg (3 år)

Vel den forma og styrken som passar barnet ditt. Doseringa på pakningen er tilpassa vekt og alder.

  • Ibux
  • Ibumetin

Legemiddelform:

  • Mikstur. Brukast frå 10 kg (1 år)
  • Tablett (200 mg). Brukast frå 20 kg (6 år)

Vel den forma og styrken som passar barnet ditt. Doseringa på pakningen er tilpassa vekt og alder.


Ein bør ikkje gi medisin med paracetamol og ibuprofen oftare enn 3–4 gonger i døgnet (avhengig av alder), og doseringa skal ikkje overskridast.

Les meir: Gode råd når barnet ditt har feber, Apotekforeningen.


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 29.03.2017