Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Openheit

Alle styremøte er i utgangspunktet opne. Dette betyr at kven som helst kan vere tilhøyrar, og at journalistar kan komme og skrive om det som blir diskutert og bestemt.

Alle sakspapir, utgreiingar og referat er offentlege og ligg tilgjengeleg på nett.

​Styret har likevel rett og plikt til å lukke enkelte møte, eller sende publikum og presse ut når det skal behandle enkeltsaker. Lukking av styremøte må vere begrunna og i tråd med lovverk og retningslinjer. Eksempel på saker som kan eller må behandlast i lukka møte:

​​Personalsaker, som for eksempel tilsetting eller avskjed av administrerande direktør.
Anbod og større innkjøp der lova krevjer at prisar og andre forhold i innsendte tilbod skal haldast hemmeleg inntil ein avtale er inngått.

​Salg av hus og eigedomar frå helseføretaka når kontrakten ikkje er underskriven​.

Sist oppdatert 23.04.2024