Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klima og miljø

Vi skal redusere CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030.

To sykepleiere går i en gang. Smiler. Foto.

Mål

Redusere CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030.

Delmål

  1. Redusere helsetenesteassosierte infeksjonar
  2. Del produkt utan (utslepp av) helse - og miljøskadelege stoff skal vere 75 prosent innan 2030
  3. Redusere energiforbruk med 20 prosent innan 2030 og auke delen gjenvinningskraft
  4. Minimum 20 prosent av polikliniske konsultasjonar skal vere over video og telefon
  5. Redusere unødvendig forbruk, auke ombruk og materialgjenvinning
  6. Fossilfri verksemd og redusert reiseverksemd for tilsette innan 2030, 30 prosent reduksjon i bruk av bil, og 40 prosent reduksjon i bruk av fly
  7. Berekraftig skjøtsel av natur
  8. Miljømedvitne tilsette i alle einingar

 

 

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men endringane er også, ifølge Verdens Helseorganisasjon, den største helsetrusselen vi står overfor.

Spesialisthelsetenesta er ein stor samfunnsaktør med eit stort samfunnsansvar. 

Med 150 000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og omlag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set norske sjukehus eit solid avtrykk. Potensialet for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet er omstilling naudsynt.

Difor har ei samla spesialisthelseteneste i Noreg vedteke eit felles rammeverk og mål for å redusere CO2-utsleppet vårt​. Hovudmålet vårt er å redusere CO2-utsleppet med 40 prosent innan 2030. Det langsiktige målet er å ha ei klimanøytral verksemd innan 2045.​​

Helse Vest RHF skal vere miljøleiande i rolla som eigar av helseføretak.

Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal vi​​ gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad frå oppgåvene vi gjer.

Det skal vere merksemd i heile organisasjonen på kontinuerlig forbetring i miljøarbeid innanfor alle aktivitetar som vi utfører og initierer som eigar av helseføretak.

Vi skal gjennom vår rolle ha fokusere på at miljøomsyn blir ivaretekne i alle prosjekt som blir utvikla og sett i gang i helseregionen.

Vert publisert på vår felles interregionale nettside Grønt Sykehus.​

Sist oppdatert 03.07.2023