Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av kvinnelig lege som sitter foran PCen

Om klarspråk og språkprofilen

Vi skal bruke klarspråk i alle tekstar, slik at lesarane våre forstår oss og føler seg varetatt. Rettleiaren gjelder for deg som skriv til pasientar og pårørande, fagpersonar og internt i Helse Vest.

Kvifor treng vi ein språkprofil?

Språkprofilen er ein rettleiar for korleis vi skal skrive i Helse Vest. Vi skal bruke klarspråk i alle tekstar, slik at lesarane våre forstår oss og føler seg varetatt. Språkprofilen gjeld for deg som skriv til pasientar og pårørande, fagpersonar og internt i Helse Vest. 

Språkprofilen skal hjelpe oss til å ta omsyn til lesarane våre. Måten vi skriv på, skal bidra til at pasientar, pårørande og medarbeidarar opplever oss som profesjonelle, trygge og nære.  

Klarspråk 

  • fremmer pasienten sin tillit til oss 
  • gjer det lettare å samarbeide på tvers av fag 
  • minskar faren for feil og misforståingar 

  • sparer tid og pengar 

Kva er klarspråk?

Klarspråk er korrekt, tydeleg og brukartilpassa kommunikasjon. Ein tekst er skriven i klarspråk når lesarane 

  • finn det dei treng (tydeleg struktur) 
  • forstår det dei finn (tilpassa språk) 
  • kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal (tydeleg funksjon) 

Kjelde: Språkrådet 

Korleis bruke språkprofilen 

Språkprofilen har to hovuddeler. 

Slik skriv vi klart: Her finn du fire retningslinjer for å gjere tekstane enklare å lese for mottakaren.  

Slik skriv vi korrekt: Her finner du eit utval skrive- og teiknsettingsreglar, til dømes korrekt skrivemåte for teikn, tal og forkortingar. Ofte finst det fleire korrekte skrivemåtar. I desse tilfella anbefaler språkprofilen ein skrivemåte som skal vere felles for Helse Vest. 

Kjelder 

  • Stavanger kommune 
  • Språkrådet 
  • KS 
  • NTB Arkitekst 

Kontakt oss om klarspråk

Sist oppdatert 05.02.2025