Variert og stort utviklingspotensial

Fleire år i bransjen har gjort farmasøyt Eirik Svandal Bø enda meir lysten på å fortsette jobben hos Sjukehusapoteket i Stavanger.

 

- Utviklingspotensialet her er stort, og det er nok av utfordringar å ta del i. Samtidig er det mange karriereveier å velje mellom, fortel Eirik. 

Gjer i stand kreftkurar

Eirik var ferdig med farmasistudiet i 2008, og har sidan jobba i Sjukehusapoteka Vest (SAV) - et av sju helseføretak i Helse Vest. SAV driv fire sjukehusapotek; i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund. Etter tre og eit halvt år hos Sjukehusapoteket i Bergen, tok han turen tilbake til oljebyen og starta på Sjukehusapoteket i Stavanger (SIS) der han hadde hatt sommarjobb tidligare.

– Eg likte godt kjemi og hadde fleire i familien som var interessert i helsefag. Det ble eg og. Etter skolen oppsøkte eg produksjonsavdelinga ved SIS i Stavanger og fortalde at eg hadde lyst på jobb. Eg hadde jobba der to somrar tidligare. Etter intervjuet fikk eg jobb, fortel Eiri

Sjukehusapoteket har aktivitet innan fire forretningsområdar: sjukehusekspedisjon, produksjon av legemiddel, Farmasøytisk rådgjeving og publikumsekspedisjonen. Eirik har en delt stilling mellom sjukehusekspedisjonen, med sal av legemiddel til sjukehuset, og produksjonsavdelinga, der han gjer i stand kreftkurar til kreftpasientar.

– Vi tilsett kurane viktige vitaminar og leverer bestillingane vi får frå sjukehuset til mottakarane. Ofte blir eg ringt opp av blant anna sjukepleiarar og leger som lurer på moglegheit for blanding og dosering, fortel Eirik.

Stor moglegheit for karriereutvikling 

Det er en svært gjevande og utviklande jobb å være tilsett i eit sjukehusapotek. Sjukehusapoteket er «meir enn eit vanleg apotek», med fleire verksemdsområdar. Det er sjukehusapotekene som leverer legemiddel og farmasøytisk rådgjeving til sjukehusa i Noreg.  

I tillegg er det stor moglegheit for ein god karriereutvikling i føretaket. I føretaket kan man bli avdelingsleder innanfor eit forretningsområdane, og som Cand.Pharm kan du også bli apotekar, som er øvste leiar i eit apotek.

Føretaket er til ein kvar tid involvert i utviklingsprosjekt, og man kan også jobbe med fagleg utvikling, enten lokalt eller på hovudkontoret i Bergen. Det er en stor moglegheit for få eit overordna ansvar om man ynskjer det. Med etterutdanning kan man og jobbe innan klinisk farmasi, som er meir retta mot sjukehusa.

– Eg har lyst å fortsette her, fordi det er nok å holde fıngrane i. Eg trivst veldig godt, og det er godt å vite at eg kan søke større utfordringar i bransjen om eg vil.

Han forklarer at det er en kjekk jobb, og veldig spanande å ajå at det man har laget fungerer.

– Det er godt å hjelpe folk, sjølv om det er på en meir ındirekte måte. Dessutan er vi en flott gjeng som jobbar saman, seier han.

Viktig med leiaregenskaper

Om du kunne tenkt deg en jobb i Sjukehusapoteka Vest er det viktig å være litt snarrådig, nøyaktig og omgjengeleg. Godt humør kommer man jo alltid langt med. Som farmasøytar har du gode moglegheiter til å komme inn i en leiarfunksjon.

– Man bør kunne ha litt leiareigenskapar. Man får alltid ansvar, og det er viktig å være pliktoppfyllande. Vi jobbar og mykje saman i team, og da har eg som farmasøyt mange avgjerdslar å ta stilling til.

Eirik anbefaler folk å jobbe i Sjukehusapoteket. Det er en spanande arbeidsplass, med fleire moglegheiter enn på et vanlig apotek. Man kan jobbe i en einskild avdeling eller i ein kombinert stilling. Kvardagen er variert og lærerik. Det er opp til deg!