Farmasi er læra om legemiddel. I tillegg til spesifikke farmasøytiske fag, inngår kjemi, biologi og teknologi i studiet. Du treng kunnskap om alle desse fagområda for å utvikle eit ferdig legemiddel og for å vurdere og informere om effekt og bruk av legemiddel.
Autorisasjon som apotekteknikar får du etter tre år på vidaregåande skule. Som apotekteknikar har du ansvar for å informere om riktig bruk av legemiddel, samt å produsere legemiddel på sjukehusapoteka.
Tittelen farmasøyt brukast ofte som ein fellesnemnar for yrkestitlane provisor- og reseptarfarmasøyt. Etter 3-årig bachelorutdanning får du autorisasjon som reseptarfarmasøyt. Gjennomfører du i tillegg ein 2-årig mastergrad får du autorisasjon som provisorfarmasøyt.
Meir informasjon finn du på utdanning.no