Kompetanseutvikling

Vi har kontinuerleg fokus på utvikling av våre tilsette. Vi er i nasjonal front på fleire faglege område og har fokus på arbeidsplassen som læringsarena og på kompetansebygging. Viktige satsingsområder er leiarutvikling, sal og kommunikasjon, forutan klinisk farmasi.

Sjukehusapoteka Vest har eit system som legg til rette for personleg utvikling, med blant anna:

  • Årleg, rullerande "Handlingsplan for kompetanseutvikling"
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Leiarutvikling
  • HMS-opplæring
  • Opplæring i GMP (Good Manufacturing Practice)
  • Årleg medarbeidersamtale
  • Interne klasseromskurs
  • E-læringskurs, både interne og eksterne
  • Moglegheit for etterutdanning
  • Elektronisk Kompetanseportal

Sjå video om kompetansebygging i Sjukehusapoteka Vest