Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pensjon og forsikring

Er du tilsett i apotek i minimum 20% stilling har du med hjemmel lov om pensjonsordning i apotek  medlemskap i Statens Pensjonskasse – Apotekordninga (POA).

 

Tilsette i FAD har pensjon i KLP.  

Du betalar eit pensjonsinnskot som blir trekt månadleg av din bruttoinntekt.

Alderspensjon utgjer summen av alderspensjonen frå Folketrygden og tenestepensjon du har opparbeida. 

Alderspensjon frå Folketrygden og offentleg tenestepensjon har vore gjenstand for store endringar dei siste åra. Hovudhensikta med omlegging til nye reglar er at det skal løne seg for deg å jobbe lenger. Det skal også bli lettare å veksle mellom å jobbe i offentleg eller privat sektor, utan å tape pensjon.

Både oppteningsreglea og reglar for samordning er endra, og du dine vilkår avheng av ditt fødselsår:

  • født 1953 og tidlegare
  • født mellom 1954 og 62
  • født frå og med 1963    

"Gamal" AFP for offentleg tilsette er ein tidligpensjon man får mellom 62 og 67 år. Den blir redusert for arbeidsinntekt.

"Ny" AFP i offentleg sektor blir utforma etter mønster av privat AFP.

Privat sektor forhandlar for tida om endringar i AFP. Dette vil sannsynlegvis resultere i endringar som óg kan få betyding for ny AFP i offentleg sektor.

Født i 1962 eller tidlegare har rett til gamal  AFP.

Født etter 1963: Avtalefesta pensjon (AFP) blir endra til å bli en livsvarig pensjon

Start pensjonsprosessen minimum 3 månader før du skal fråtre.

  • Du må si opp stillinga di, oppseiingstid følgjar av lov og tariffavtale.
  • Som pensjonist vil det kunne bli aktuelt å kontakte deg som mogleg ressurs i ein beredskapssituasjon.
 
Sist oppdatert 26.02.2025