Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Visste du at kosthaldet er ein viktig del av kreftbehandlinga?

Det er viktig å ete godt før, under og etter kreftbehandlinga. Det kan hjelpe til at du føler deg betre samtidig som du opprettheld styrke og energi og dermed blir betre rusta til å tole behandlinga.

Publisert 02.02.2018
Sist oppdatert 05.01.2023

​Eit godt kosthald betyr å ete variert og i tilstrekkelege mengder til å oppretthalde kroppsvekta. For at kroppen skal fungere godt, trenger dei næringsstoffa som inkluderer protein, karbohydrat, feitt, vitamin, mineral og vann.

Dersom du slit med nedsett matlyst og vekttap eller har problem med å ete så kan ernæringsprodukt frå apoteket vere eit alternativ for deg.

Ta kontakt med oss i Sjukehusapoteket for råd og rettleiing om noko som næringsdrikk som kan passe for deg!


Kva er næringsdrikker?

Næringsdrikker og andre næringstilskott tilfører kroppen ekstra energi, protein, vitamin og mineral.
I periodar av livet kan ein ha behov for næringsdrikkar for eksempel når appetitten er dårleg. Det finst også næringsdrikk som er tilsikta til menneske med ulike sjukdommar.

Nokre næringsdrikker er fullverdige, som betyr at dei kan nyttast som einaste ernæring. Dei har eit balansert innhald av næringsstoff som kroppen trenger. Andre næringsdrikker er ikkje fullverdige, noko som betyr at dei kan brukast som tillegg til mat.

Næringstilskott finst i mange typar og smaker

  • Mjølkebaserte drikker
  • Jogurtliknande drikk
  • Saftbaserte drikker
  • Dessertar
  • Supper
  • Pulver
     

Visste du at?

  • Ein fullverdig næringsdrikk med fiber tilsvarer 2 brødskiver med smør, pålegg, samt ein tablett med vitamin- og mineraltilskott.
  • Apoteket har eit rikeleg utval av ernæringsprodukt tilpassa ulike behov
  • Næringsdrikkar vert dekka i spesielle tilfelle på blå resept


Ta kontakt med oss i Sjukehusapoteka for råd og rettleiing om kva næringstilskott som passar for deg!