Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Vi har fått nye nettsider!

I dag lanserte vi heilt ferske nettsider for Sjukehusapoteka Vest! Saman med dei andre føretaka i Helse Vest er vi no den tredje helseregionen som får eit nytt nettsted. 

Publisert 28.09.2016

Nyenettsider2.jpg
 

Mykje nytt og nyttig

Dei nye nettsidene våre har ikkje berre endra form og farge. Dei har òg fått mykje nytt innhald. I tillegg til informasjon om sjukehusapoteka våre, finn du no mykje god og viktig informasjon om medisinbruk, helse og velvære, resept, hjelpemiddel og medisinsk utstyr.

Gode råd og nyttige tips på nett

Det er ikkje alltid like enkelt for små barn å forstå kvifor dei må ta medisin. Nokre enkle teknikkar, og litt tolmodigheit, kan det vera lettare å få barnet til å ta medisinen sin. Meir om denne og annan nyttig informasjon finn du på sida Råd om medisinbruk.

Visste du at lusesmitte ikkje har noko med hygiene å gjera og at lusa trivst like godt i reint hår? På dei nye nettsidene våre finn du gode råd om kva du kan gjera dersom eit barn eller ein vaksen har fått lus. Les meir om desse og mange andre nyttige tips på sida Helse & velvære.

Nasjonal nettløysing

Dei nye nettsidene til SAV er ein del av den nasjonale nettløysinga og blir lansert samtidig som dei andre føretaka i Helse Vest.
Prosjektet «Felles nasjonal nettløysing for spesialisthelsetenesta» inneber at alle helseføretaka i landet vil ha nettsidene på same løysing. Helse Midt-Noreg var fyrst ute med publisering av nye nettsider og Helse Nord kom like etter. Og no var det føretaka i Helse Vest sin tur.

Nominert til prestisjepris

Nettprosjektet er blitt nominert til Digital Communications Awards 2016. Dette er ein pris heidrar kampanjar, strategiar og prestasjonar. Nokre av konkurrentane her er blant anna Adidas, den Europeiske sentralbank og den Finske opera og ballet. I år var det over 700 bidrag i 35 kategoriar.

Kva synest du?

Vi vil gjerne høyra kva du synast om dei nye nettsidene og om det er noko som kan bli betre. Gje oss gjerne ei tilbakemelding: kommunikasjon@sav.no.