Turgruppe vann arbeidsmiljøprisen
For første gong vart Sjukehusapoteka Vest sin arbeidsmiljøpris delt ut.
Arbeidsmiljøprisen vart delt ut for første gong - og det skjedde under SAV-samlinga i Haugesund siste laurdagen i september.
Prisen er tenkt å vere ei utmerking, oppmuntring og anerkjenning til nokon som har gjort ein særleg innsats for arbeidsmiljøet – og som også vil stimulere og inspirere andre til arbeide med det.
Og blant mange gode nominerte kandidatar gjekk prisen til ei gruppe som har sitt arbeid berre ein kort tur unna der prisutdelinga skjedde, nemleg turgruppa ved Sjukehusapoteket i Haugesund.
-Heilt fantastisk
Prisen var delt ut av hovudverneombod Linda Baug Tjore og adminstrerande direktør Tonje Folkvang.
Vinnarane fekk diplom og ein sum på 25 000 kroner, som skal brukast vidare til arbeidsmiljøretta formål. Sølvi Søreide ved Sjukehusapoteket i Haugesund er ein av primus motorane bak initiativet, ho strålte etterpå.
-Vi synes sjølsagt at det var heilt fantastisk at vi vann arbeidsmiljøprisen, seier Sølvi, som legg til at det nok blir dei fire verneomboda i apoteket som skal finne ut korleis premiepengane skal brukast.
Sølvi fortel vidare at ideen med turgruppa tok form på eit personalmøte tidlegare i år.
-Då lærte vi at muskel- og skjelettplager og lettare psykiske plager er dei to største årsakene til at folk ikkje kjem på jobb og blir sjukmelde. Uten å bagatellisere desse plagene, tenkte vi at noko så enkelt som å gå tur eller å vere i fysisk aktivitet på annan måte kan vere ein måte å førebyggje på.
-For å få inn det psykiske aspektet også, la vi til ein liten twist der vi oppfordra til å gå tur saman med nokon andre.
Ekstrapoeng dersom stor aldersskilnad
Dei som ville kunne laste ned appen Fjelltoppjakten på telefonen og registrere turar der. I tillegg laga dei seg eit system, der ein fekk ekstrapoeng for å invitere med ein kollega på tur og to ekstrapoeng dersom denne kollegaen jobba i ei anna avdeling eller viss aldersforskjellen er større enn ti år.
Sølvi har sendt ut e-post med oversikt over poeng og ekstrapoeng med innimellom. I tillegg har dei oppretta ei chat-gruppe dei ein kan legge inn bilder av turer som ikkje ligg i Fjelltoppjakten og andre aktiviteter ein har lyst å dele med kollegaer.
-På denne måten har vi fått eit felles tema vi kan snakke om eksempelvis i lunsjen. Det har blitt delt mange turtips og flotte bilde av turar over tørre knekkebrød dei siste månadene, ler Sølvi, før ho avslutningsvis legg til:
-Elles vil eg jo berre seie at dette er eit enkelt, gratis og ganske engasjerande opplegg som andre apotek, avdelingar eller faggrupper gjerne må kopiere.
Fakta arbeidsmiljøprisen
Arbeidsmiljøprisen er tenkt å vere ei utmerking, oppmuntring og anerkjenning til nokon som har gjort ein særleg innsats for arbeidsmiljøet – og som også vil stimulere og inspirere andre til arbeide med det.
Prisen delast ut til einingar (apotek, føretaksadministrasjon), avdelingar, seksjonar, fagmiljø eller gruppe i SAV.
Vinnaren får prisen for arbeid gjort dei to siste åra og ved å oppfylle minst eitt av
kriteria under:
- har tatt initiativ til og gjennomført tiltak som er med på styrke fellesskap og samhald i organisasjonen og bygger «vi følelse» på tvers.
- har sett ett i verk tiltak som aktivt fremjar eit inkluderande arbeidsmiljø og mangfald.
- har tatt grep for å styrke kommunikasjonen på ein måte som har ført til større openheit, tillit og/eller trivsel.
I grunngjevnaden for at turgruppa ved Sjukehusapoteket i Haugesund vann prisen skriv juryen:
«Initiativet er vurdert til vere med på å styrke fellesskap og samhald i apoteket og har bidradd til å fremje eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.»