logo Sjukehusapoteka Vest

Sykkel-VM i Bergen 2017

I perioden 16.-24. september blir Sykkel-VM arrangert i Bergen. Dette kan skape konsekvensar for deg som skal til sjukehuset, enten som pasient, pårørande eller tilsett.

Publisert 30.08.2017
Sist oppdatert 05.01.2023
Bilde av reklameplakat for sykkel-VM med teksten "Race to celebrate"

​Under meisterskapen vil store delar av Bergen sentrum bli heilt eller delvis stengt for biltrafikk i tidsperioden frå klokka 08.30 og 19.00. Kollektivtilbodet vil og bli endra til og frå sjukehuset.

Alle som skal til Haukeland desse dagane blir råda til å reise kollektivt, sykle, eller gå dersom dei kan eller tilstanden deira tillet dette.

Det vil ikkje vere mogleleg å køyre i løypene eller krysse traseen med bil i dette tidsrommet. Gåande og syklande kan krysse løypene på eigne punkt. Vakter vil sluse folk over i puljer når det er trygt å passere.

Det vil vere mogeleg å køyre til Haukeland opp Hunstadsvingen frå Ibsens gate, forbi Kvinneklinikken (Jonas Lies vei) og så inn til Sentralblokka.

Brann, politi og ambulanse – er sikra tilkomst til alle områder, også til sjukehuset.

Til deg som skal til Kvinneklinikken under Sykkel-VM

Kollektivtrafikk

Alle busslinjer til og frå sentrum blir lagt om før VM startar, og mange av holdeplassane i sentrum vil ikkje være i bruk. Bergen busstasjon blir det sentrale knutepunktet for busstrafikken, også for deg som skal til Haukeland. Det vil bli oppretta ei eiga rute med avgang litt oftare en kvart tiande minutt frå Bergen bystasjon til Haukeland.

Oppdatert informasjon om kollektivtilbudet blir lagt ut på Skyss sine nettsider etterkvart som den er klar.

Her finn du eit kart som viser trafikksituasjonen i Bergen sentrum dag for dag under Sykkel-VM

Du kan og lese meir om trafikksituasjonen på nettsidene til Sykkel-VM.

Bergen kommune har og eigne sider om Sykkel-VM