Styret fekk presentert kartlegging av varslingssakene
Styret i Sjukehusapoteka Vest HF var torsdag 1. juni samla til eit ekstraordinært møte i forbindelse med kartlegginga til Deloitte.
Publisert 01.06.2023

Styret fekk presentert kartlegginga, som har blitt gjort på bakgrunn av mottatte varsel frå medarbeidarar i føretaket.
- Styret tar kartlegginga til førebels orientering og vil halde fram med behandlinga av saka i styremøtet 8. juni. Det blir difor ikkje gitt ytterlegare kommentarar no, seier styreleiar Helge Torgersen.