Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stengd produksjonsrom ved Sjukehusapoteket i Stavanger

Sjukehusapoteka Vest har dei siste to månadene hatt utfordringar med vekst av bakteriar i eit laboratorium som blir brukt til produksjon av intravenøse ernæringsløysningar ved Sjukehusapoteket i Stavanger. Det blir jobba målretta for å identifisere årsak og sette inn naudsynte tiltak.

Publisert 28.09.2016
Sist oppdatert 05.10.2016

Ved prøvetaking i eitt av produksjonsromma ved Sjukehusapoteket i Stavanger blei det den 29. august gjorde funn av bakteriar både i arbeidsbenker og i luft (nedfallsskål). Som eit resultat av dette er produksjonsrommet stengd. Rommet blir i hovudsak nytta til produksjon av intravenøse ernæringsløysingar.

Har ikkje påverka pasientar

Vi har gjennom dialog med Helse Stavanger fått tilbakemelding om at hendinga ikkje har gitt konsekvensar for pasientane si helse. Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest set pasienttryggleik først og samarbeider om å identifisere årsak og sette inn naudsynte tiltak.

- Vi har trekt tilbake alle produkta frå denne produksjonslabben i dei aktuelle tidsromma. Vi har ikkje indikasjon på at desse har vore forureina, seier Ola Rye som er administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.  

 

En mann med briller

Pasienttryggleik blir prioritert

Sjukehusapoteka Vest set pasienttryggleik fremst og jobbar målretta for å sikre leveransane til sjukehusa. 

- Pasienttryggleiken har høgaste prioritet i sjukehusapoteka våre. Vi jobbar målretta for å identifisere årsak og sette inn nødvendige tiltak. Inntil dette er avklart vil romma haldast stengt, seier Rye. 

Produksjon av legemiddel er underlagd strenge kvalitetskrav, mellom anna knytt til reinhald av produksjonsmiljø. Sjukehusapoteka Vest har rutinar for jamleg miljøkontroll av alle produksjonsrom for å sikre kvalitet av legemiddel. 

Leveransar som normalt

Produksjon av legemiddel til Helse Stavanger blir ikkje påverka av at apoteket stenger produksjonslokalet.

- Denne produksjonen blir vareteken i alternative lokale. I tillegg vil det ved behov bli produsert ved sjukehusapoteka både i Bergen og Haugesund. Leveransane vil derfor gå som vanleg, fortel Rye.

Tidlegare hendingar

Miljøprøver har ved to tidlegare høve i sommar (30.juni og 29.juli) avdekt bakterievekst i same produksjonsrom. Ved begge hendingane blei romma stengde, produkta kalla tilbake, det blei gjennomførd arbeid for å finne årsak og sett i verk tiltak. Romma blei så opna for bruk etter at prøvesvar ikkje viste vekst av bakteriar. 

Pressevakt
Stavanger universitetssjukehus
Mob: 477 00 999