Spanande stilling hos Sjukehusapoteket i Førde

Lyst til å prøve deg som leiar i eit profesjonelt farmasøytisk og medisinsk miljø?

 

​Fram til juni 2018 vert du leiar/sjukehusapotekar, deretter farmasøyt. Som øvste leiar for apoteket får du ansvar for apoteket si drift og utvikling, og inngår i adm. direktør i Sjukehusapoteka Vest si leiargruppe. I Førde har vi 17 dyktige medarbeidarar. Du får direkte personalansvar for to avdelingsleiarar. Hovudoppgåva er å vidareutvikle det gode samarbeidet med Helse Førde og andre kundar med fagleg framtidsretta løysingar.

Formelle krav til stillinga er cand. pharm med driftskonsesjon, og minimum to års erfaring.

Vi legg og vekt på leiareigenskapar, norsk språk og IKT-kunnskap.

Vi tilbyr:

  • stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø
  • fagleg og personleg utvikling
  • triveleg arbeidsmiljø med gode kollegar i ei IA-verksemd
  • løn og arbeidsvilkår etter avtale.


Kontakt gjerne vår rådgjevar, Rune M. Bruket i Headvisor, tlf. 97138423 eller Ina Ottesen i Sjukehusapoteka Vest, tlf. 41283497.


Søknad via fullstendig annonse på www.headvisor.no snarast, og innan 26. mars.

Gå til fullstendig stillingsannonse