logo Sjukehusapoteka Vest

Snart opnar eit nytt og større apotek i Bergen

Sjukehusapoteket i Bergen bygger i desse dagane om lokala i apotekutsalet på Haukeland universitetssjukehus. Den 1. november blir det opna eit nytt og større apotekutsal for pasientar, pårørande, tilsette og andre kundar.

Publisert 18.10.2016
Sist oppdatert 20.10.2016
Diagram, teknisk tegning

​Nytt interiør og meir plass

Apotekutsalet som snart opnar vil vere nytt og større, og det blir meir plass i sjølvvalet.
- Eit viktig mål er at apoteket skal bli oversiktleg og lett å orientere seg i. Vi håper at dei nye lokala gjer det lettare for kundane å finne produkta som dei treng, seier sjukehusapotekar Roy Vermund Rangjord.

En mann som smiler til kameraet

Meir effektivt med ny plukkrobot

I dei nye lokala er det allereie kome på plass ein ROWA-robot, eller ein såkalla plukkrobot. Det betyr at dei aller fleste medisinane som tidlegare måtte plukkast ned frå hyllene og scannes manuelt, nå blir teke hand om av den nye plukkroboten.

En maskin på en fabrikk

Litt trongt i ombyggingsperioden

Ein del av lokala er komen på plass og er teken i bruk allereie, men det er framleis litt trongt mens ombygginga held på.
- Det har vore viktig for oss å halde opent mens ombygginga held på. Vi er leie for at det dessverre blir litt trongt for kundane våre i denne perioden, seier Rangjord.

Offisiell opning 1.november

Den 1. november blir det opna eit heilt nytt apotekutsal på Haukeland universitetssjukehus.
- På opningsdagen blir det kake og mange gode tilbod til kundane våre. Velkommen til oss, sier en Rangjord med eit smil.