Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Regionalt pakkeanlegg for eindosar i Haugesund skal styrke pasientsikkerheita

​Etter sommaren startar bygging av pakkeanlegg for eindosar på sjukehuset i Haugesund. Det vart klart etter at sty​ret i Helse Vest godkjente investeringa i Helse Fonna og Sjukehusapoteka Vest. Pakkeanlegget skal stå klart til 2025 og blir eit viktig bidrag for å styrke pasiensikkerheita.

Publisert 23.06.2023
Tonje Folkvang holder en pakke med endose.

Foto: Øyvind Jacobsen Røen

Slike eindosepakkingar skal lagast på det nye pakkanlegget i Haugesund, når det står klart.

- Det er godt nytt for Helse Fonna og for regionen at eindoseproduksjon no blir sikra med eit anlegg for dette i Haugesund. Anlegget vil bidra til god ressursbruk og styrkje eit allereie godt fagmiljø frå Sjukehusapoteka inn i Helse Fonna, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland.

Eindose er ei eining av eit legemiddel, som éin tablett/kapsel, og ikkje ei heil øskje. Den er merka blant anna med namnet på legemiddelet, virkestoff, styrke og utløpsdato. Bruk av eindose kan bidra til å styrke pasientsikkerheita ved at pasienten får i seg rett legemiddel med rett styrke. Eindose blir pakka i pakkemaskiner, blir deretter levert til sjukehusa og er mogeleg å identifisere heilt fram til pasienten.

Det er Sjukehusapoteka Vest som på vegner av helseføretaka etablerer eindoseanlegget.

- Dette er noko vi har arbeidd med lenge. Difor er vi så glade og  nøgde med at anlegget no blir ein realitet, slik at vi kan halde planen om å ha det klart til 2025, seier konstituert administrerande direktør Lene Svanberg Jakobsen i Sjukehusapoteka Vest.

Det regionale pakkeanlegget skal levere eindosar til alle sjukehusa i Helse Vest og vere klart seinast 2025. Pakkeanlegget skulle eigentleg liggje i Bergen, men saman med Helse Bergen lukkast  ikkje Sjukehusapoteka Vest å finne lokale for det​.  Så melde Helse Fonna i vår at dei kunne stille eigna lokale til disposisjon på sjukehuset i Haugesund, i tilknyting til sjukehusapoteket der. Lokala blir fristilt til ombygging etter sommaren.

Styret i Helse Vest godkjente investering  i Helse Fonna innafor ei kostnadsramme på 52 millionar kroner, og Helse Fonna blir tildelt eit internt lån på inntil same sum. Sjukehusapoteka Vest blir tildelt eit internt lån på inntil 20 millionar kroner til kjøp av utstyr og innreiing i anlegget.