Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prosessen med å finne ny administrerande direktør er i gang

Sjukehusapoteka Vest har starta prosessen med å finne ny administrerande direktør. Endeleg utlysingstekst vil vere klar om nokre veker.

Publisert 23.08.2023
Et skilt på siden av en bygning

Styreleiar Helge Torgersen, som leiar tilsettingsutvalget, legg til grunn at det kan ta noko tid før utvalet kan legga fram si innstilling for styret i Sjukehusapoteka Vest.  

- Dette er ein svært viktig stilling, som bør vere attraktiv for mange. Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Administrerande direktør vil få gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar, seier Helge Torgersen, som ikkje har tru på at tilsetjingsprosessen er over før nærare nyttår.

Det er rekrutteringsfirmaet Habberstad som har fått i oppgåve å bidra til tilsettingsprosessen. 

Full utlysing kjem i september. Høyrest dette ut som ei spennande moglegheit for deg?


I mellomtiden kan du bli betre kjend med oss, ved å lesa nettsida vår www.sjukehusapoteka-vest.no

For meir informasjon om stillinga kan du ta uforpliktande og konfidensiell kontakt med rådgivarane våre i Habberstad, Hans Petter Karlsen, tlf. 93425743 eller Bjørg Alvestad, tlf. 95765475.