Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Pilotprosjektet har minska feilmedisinering av eldre

Ein tredel av pasientane på sjukeheim brukar medisinar dei ikkje skulle brukt. Pilotprosjektet i Nordfjord har ført til færre feil, og meir kunnskap hos dei tilsette.

Publisert 24.03.2017
En gruppe mennesker som sitter rundt et bord

​Feil bruk av medisinar kan få alvorlege konsekvensar for pasienten. Eit pilotprosjekt i Helse Førde har sett fokus på problem, relatert til medisinbruk, som kan oppstå når pasientar flyttast mellom sjukehus og sjukeheim.

Unikt samarbeid

Pilotprosjektet er eit unik samarbeid mellom Helse Førde, Nordfjord Sjukehus og fem kommunar. Randi Nyhammer-Taklo er famasøyt i Sjukehusapoteket i Førde og har jobba tett med sjukeheimane og pasientane gjennom heile prosjektet.
– Vi har fått auka kompetansen og det har gjort til dømes eldre pasientar har fått ein meir riktig dose. Vi bruker mindre medisinar enn før, seier ho.


Jobbar for å luka vekk feil

I Norge utgjer personar over 65 år om lag 15 prosent av befolkninga, men dei står for halvparten av forbruket av reseptbelagde legemiddel.
Mykje kunne vore unngått, og i Nordfjord samarbeider sjukepleiarar med farmasøytar for å luka vekk medisinane dei eldre ikkje treng, skriv NRK.

– Enkelte medisinar verkar mot dei andre medisinane. Ein pasient som har jernmangel og tar jerntablettar kan til dømes få andre medisinar som gjer at pasienten ikkje tar opp jernet, seier Randi Nyhammer-Taklo, som er rådgjevande farmasøyt ved sjukehusapoteket i Førde.

En person som bruker briller
Nyhammer-Taklo fortel om samarbeidet for auka pasienttryggleik og sikker bruk av medisinar. Kilde: NRK 

Har auka kompetansen

Både farmasøytar og sjukepleiarar er godt nøgd med prosjektet, skriv NRK. Soja Edvardsen er avdelingssjukepleiar ved Eid eldretun og ho merkar at dei tilsette er meir interessert en tidlegare.

– Vi har fått auka kompetansen og det har gjort til dømes eldre pasientar har fått ein meir riktig dose. Vi bruker mindre medisinar enn før, seier ho.

Les heile artikkelen på NRK.no

Onsdag 22.mars var saka og omtald på NRK radio. 

Klippet kan du høyre her