Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Opna dørane til nye lokale i Førde

Tysdag denne veka kunne dei tilsette i Førde ønskje kundane velkommen i splitter nye lokale, sentralt plassert på Førde Sentralsjukehus.

Publisert 31.08.2023
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden overrekk blomar.
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden overrekk blomar til sjukehusapotekar, Gunvor Steine Tufte.

Førde-gjengen hadde satt seg ein ambisiøs plan om å få unnagjort flyttinga mellom torsdag og måndag. På den måten trengte berre apoteket å halde stengt i to verkedagar. Takka vere iherdig innsats frå dei tilsette kom dei i mål i god tid til opninga tysdag denne veka. 

Kundane blei møtt med kake, brus, knallgode tilbod og lukkehjul med goodiebags. Noko som tydelegvis blei godt tatt imot av kundane. 

- Det er så kjekt å vere på jobb i dag, for alle kundane er så glade, sa Berit Mallasvik etter å tatt imot den første stormen med kundar. 

Det var ein stolt og glad sjukehusapotekar som erklærte dei nye lokala for opna. 

- Vi er veldig stolte av å kunne opne våre nye lokale, som eg tykkjer har blitt veldig ljose og oversiktleg. Vi har fått ein god plassering, kor vi er godt synleg for sjukehuset sine pasientar, sa Gunvor Steine Tufte.  

Då eg starta her i 2017 var det nokon som snakka om eit forprosjekt for nytt sjukehusbygg. Lite visste eg då at eg skulle få vere med å opne eit nytt apotek her i dag. Vegen fram hit har vore lang og lærerik, både med omsyn til prosjekt, om sjukehus og administrasjon. Og ikkje minst om samarbeid og samhandling.

Gunvor Steine Tufte held takketale for dei tilsette.

Gunvor nytta høvet til å takke administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden og konstituert administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest, Lena Jakobsen, i tillegg til å takke sine kollegaer. 

- Eg må få takke mine flotte kollegaer. Det har blitt lagt ned ein utruleg innsats før og under denne perioden. Sidan vi sendte ut siste kunde på torsdag har det gått i eitt. Vi har jobba både seint og tidleg. Det har blitt gjort ein formidabel arbeidsinnsats desse dagane. Det har vore latter, godt humør og mange løysingar. Nokre gongar kanskje litt vel mange løysingar. 

- Saman har vi kome oss  trygt gjennom denne perioden med latter og med ein vissheit om at vi skulle få det til. Eller.. I alle fall var det nokon som hadde den vissheita. Eg var ikkje like skråsikker heile tida, sa Gunvor til unison latter hos dei oppmøtte. 

- Vår viktigaste samarbeidspartnar 

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden overrakk blomar og eit flott bilete frå den lokale kunstnaren Jens Hauge.  

- Dette er nummer to av dei store delprosjekta som er på veg om modernisering av nye Førde Sjukehus. Det at vi har klart å få til dette på datoen også, er veldig bra. Eg har spurt litt undervegs, fordi eg tenkjer på neste trinn. 

- De er jo den viktigaste samarbeidspartnaren som vi har her på sjukehuset. Så det å utvikle samarbeidet mellom føretaka våre vidare er ei målsetjing. For vi trur jo då, at vi saman, kan få til endå betre tenester for pasienten, avslutta Arve Varden.

Konstituert administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest, Lene Jakobsen hadde tatt turen opp frå Haugesund for å få med seg opninga. Ho let seg imponere av innsatsen som dei tilsette hadde lagt ned fram mot opninga. 

- Gratulerer med dagen alle saman. For ein fantastisk jobb! Eg veit at det er mange av dykk som helst vil slenge beina på bordet no, og det må dykk gjere i dag. Eg er veldig glad for å sjå at dykk har fått dette fantastiske arealet. 

- Godt jobba alle dykk her i apoteket. Eg håpar at dykk får ein litt enklare kvardag i desse nya lokala. 

Etter opningstalene var det veteranen Berit Mallasvik som fekk æra av å klippe den raude snora. 

- Eg kjem i alle fall til å hugse opningsdatoen, for det er samstundes som bursdagen min, flira ho.