Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny administrerande direktør for Sjukehusapoteka Vest HF

Tonje Folkvang er i ekstraordinært styremøte tysdag 28. november tilsett som ny administrerande direktør for Sjukehusapoteka Vest HF. Ho tiltrer stillinga 2. januar 2024.

Publisert 28.11.2023
En kvinne som smiler i gangen

Folkvang kjem til Sjukehusapoteka Vest (SAV) frå stillinga som fagsjef i Helse Stavanger, med ansvar for kvalitet og pasienttryggleik.

– På vegner av styret i SAV er eg svært fornøgd med at Tonje Folkvang har takka ja til stillinga. Folkvang si erfaring som leiar av Sjukehusapoteket i Stavanger, regional prosjektleiar for «Risikoområde legemiddel (ROMLE)», og som fagsjef for kvalitet og pasienttryggleik i Helse Stavanger, gjev eit solid utgangspunkt. Ho har gode føresetnader for å leie helseføretaket framover, seier styreleiar Helge Torgersen.

Bakgrunn som farmasøyt

Tonje Folkvang er utdanna cand.pharm. frå Universitetet i Oslo, med hovudfag ved The National Heart and Lung Institute, Imperial College London. Ho har tidlegare vore apotekar i Apotek 1 og har ti års erfaring som apotekar ved Sjukehusapoteket i Stavanger.

– Eg ser fram til å jobbe saman med dyktige og dedikerte leiarar og medarbeidarar for å løyse det viktige oppdraget SAV har i vårt felles helsevesen. Saman skal vi vidareforedle det faglege engasjementet i organisasjonen og sikre trygge og gode tenester for sjukehus og pasientar. 

Kvalitet og pasienttryggleik

På regionalt nivå har Folkvang vore pådrivar for innføring av eindose i Helse Vest, for å sikre at legemiddel let seg identifisere heilt fram til pasient. Ho var initiativtakar for etablering av eit nasjonalt «Eindosenettverk», for å sikre samarbeid og dialog på tvers av regionane. Som regional prosjektleiar for ROMLE, har ho opparbeidd særleg innsikt og kompetanse i risikobildet på legemiddelområdet i Helse Vest. 

– Gjennom ROMLE-prosjektet har eg fått høve til å bidra breitt i heile regionen på legemiddelområdet. Hovudmålet til ROMLE er å identifisere område med stor fare for stor skade og setje i verk treffsikre tiltak som reduserer risikoen på legemiddelområdet. Eg vil ta med meg kunnskapen og erfaringa frå dette arbeidet videre. SAV er ein sentral aktør i arbeidet med å redusere risiko på legemiddelområdet i Helse Vest. 

Farmasifagleg kompetansesenter

Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eit helseføretak eigd av Helse Vest. Med fem sjukehusapotek som forsyner legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse til sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland, er SAV det største farmasifaglege miljøet i regionen. SAV har om lag 350 medarbeidarar.

–Eg vil føre vidare arbeidet med å utvikle SAV til å bli den føretrekte farmasifaglege arbeidsplassen på Vestlandet. Eit nært og ope samarbeid med alle leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta er ein føresetnad for å lykkast. Eg gler meg til å komme tilbake til SAV 2. januar, avsluttar Folkvang.