No kan du ta influensavaksine på sjukehusapoteket

Influensavaksinasjon i apotek skal bidra til mindre sjukdom og betre folkehelse ved å auke vaksinedekninga i befolkninga.
No kan du få tatt influensavaksine på ditt sjukehusapotek.

​Vaksne og barn over over 12 år med resept frå lege kan få satt influensavaksine i sjukehusapoteka. Viksinen revirerast av lege og kan settast på sjukehusapoteket.

Vaksinering i apotek vert gjennomført av godkjente vaksinatørar og i samsvar med Folkehelseinstituttet sin vaksinasjonsrettleiar for helsepersonell.

Influensavaksine i apotek

Influensavaksine i apotek

Låg vaksinedekning i Norge

Styresmaktene sin målsetnad for vaksinedekning er 75% i risikogruppa, medan dekninga i dag er under 30%. Dette har plassert Norge blant landa med dårlegast vaksinedekning i Europa. Vaksinasjon i apotek aukar tilgangen for influensavaksinasjon og bidrar dermed til å styrke vaksinedekninga i befolkninga på ein trygg og god måte.